Heimsyn (1875)

Heimsyn kom ut anonymt og er ei av dei mindre kjende bøkene til Aasen. Ho er ei allkunnebok med undertittelen Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen og Menneskja, tilmaatad fyre Ungdomen.

Å heimsjå seg tyder å sjå seg ikring i heimen, det vil seia verda, og boka gjev ei stutt innføring i natur- og kulturtilhøva på jorda.

Digital utgåve frå 1997

Digital utgåve NB.no (1975)

Digital utgåve NB.no (1875)

Med Heimsyn ville Aasen syna at landsmålet kunne brukast på alle fagområde. Han ville dyrka fram norsk fagspråk på nye felt og gje ungdomen lesnad på landsmål. Det var eit stort problem for dei som ville skriva landsmål at det fanst så lite litteratur på målet. Arbeidet med nemningsbruken og ordtilfanget førte Aasen vidare i Norsk Maalbunad (1876/1925).

Utgåver
Heimsyn vart prenta på nytt i Skrifter i Samling II (1911-12), og kom også ut i ei jubileumsutgåve i 1975, gjeve ut av Fonna Forlag.