Norsk Ordbog (1873)

Skal ein peika ut eit hovudverk i den store produksjonen til Aasen, stiller Norsk Ordbog med dansk Forklaring sterkt.

Dette var ei mykje utvida og omarbeidd utgåve av Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Boka har kring 40 000 oppslagsord, det vil seia mest dobbelt så mange som 1850-ordboka. Oppslagsorda var på landsmål og ordforklaringane på dansk som i 1850, men Aasen hadde arbeidd mykje med å gjera forklaringane meir presise og råkande, og oppslagsorda var normerte streng etter landsmålsnormalen han hadde sett opp i Norsk Grammatik (1864).

Digital utgåve frå 1997

Digital utgåve NB.no (1873)

Siktemålet med boka var å «fremvise det Ordforraad, som er virkelig nedarvet og efterhaanden udviklet iblandt selve Folket». Han ville framstilla det norske språket på ein slik måte at det kunne setjast jamsides «andre Landes Sprog» og bli oppvurdert, både av nordmenn og utlendingar. Aasen tok korkje med framandord, støytande ord eller rare ord, men det han såg på som den sentrale delen av det vanlege ordtilfanget i norsk. Slik vart boka ein grunnstein i målreisingsarbeidet til Aasen.

Aasen tok fatt på ordboka etter at grammatikken var ferdig i 1864, men arbeidet tok mykje lengre tid enn han hadde trudd. Boka kom heftevis frå 1871, og i 1873 var ho ferdig. Denne gongen kom det nokre meldingar i utanlandske tidsskrift. I Noreg vart ho hovudsakleg meld av målfolk, som hadde svært mykje godt å seia om verket. Norsk Ordbog er framleis mykje brukt av språkforskarar og språkinteresserte, og saman med Symra er ho den boka av Aasen som har selt i størst opplag.

Utgåver
I motsetnad til 1850-ordboka har Norsk Ordbog kome i fleire utgåver og selt i store opplag. Det kom nye opptrykk (med gotisk skrift) både i 1900, 1918, 1977 og 1983 (Fonna Forlag). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1873-utgåva. Ei ny vitskapleg bokutgåve med latinsk skrift kom i 2003 (ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset, Det Norske Samlaget).