Norske Ordsprog (1856)

Ivar Aasen var ikkje berre språkgranskar, men òg folkeminnegranskar. På ferdene sine samla han både eventyr, segner, ordtak og andre typar munnleg tradisjonsstoff.

Norske Ordsprog er det største folkeminnearbeidet Aasen gav ut. Ordtak er folkelege fyndord med meir eller mindre klok livsvisdom i ei konsentrert og utmeisla språkform, og dei er gjerne lette å hugsa, t.d. «Bøker gjera folk både vise og galne».

Med Norske Ordsprog ville Aasen yta sitt til at det kom skrifter på landsmål som kunne syna at målet dugde i bøker. Han ville dessutan dra fram visdomen i folkedjupet for å auka vørdnaden for allmugen. Boka held eit høgt fagleg nivå og har vore ei viktig kjelde for seinare folkeminnegranskarar. Ho har dessutan vorte eit populært oppslagsverk for folk på leit etter morosame og råkande fyndord.

Utgåver
Aasen gav sjølv ut ei omarbeidd og meir folkeleg innretta utgåve i 1881. Denne utgåva låg til grunn for den nye som kom i 1983, opptrykk 1989 (ved Johannes Gjerdåker, Vestanbok Forlag), og 4. utgåve i 2003 med tittelen Norske ordtak (ved Johannes Gjerdåker og Gudmund Harildstad, Vigmostad & Bjørke).