SEINT RODNAR SKOG I DJUVET (1956)

Dette er Olav H. Hauges kunstnarlege gjennombrot. Her står eit fleirtal dikt som i dag med rette har klassikarstatus. Boka kan òg lesast som ei samanhengande forteljing, som ein punktroman. 

Forfattar
HADLE OFTERDAL ANDERSEN

Til det ytre er om lag førti prosent av dikta modernistiske, medan dei andre anten følgjer klassiske verseskjema eller er folkeviseliknande variantar, med relativt fri takt og blanding av rima og urima verseliner. Samlinga står tydeleg i forlenginga av den førre; skilnaden er i hovudsak kvalitativ. Ein kan seia at Seint rodnar skog i djuvet er fullendinga av det Under bergfallet prøver å vera, og med det ein klassikar innanfor den tungt eksistensialistiske 1950-talsmodernismen.

Den overgipande forteljinga i boka følgjer årssyklusen frå haust via vinter til vår. Den som fører ordet, trekkjer seg tilbake frå den ytre verda på hausten, lever i isolasjon om vinteren og vender så ut på våren tilbake med det han har funne i sitt eige indre. Denne utviklinga er i ein viss mon skildra direkte, men i hovudsak gjennom psykologiske landskap og menneskeleggjord natur.

Ein positiv konsekvens av å leggja inn ein tydeleg progresjon er at forfattaren får eit større stemningsregister å spela på. Den førre boka rørte seg mest i eit fastfrose vinterlandskap der ein stod ansikt til ansikt med døden og det menneskelege mørkret. I denne nye samlinga finn ein både smertefulle dikt om å bli driven bort frå fellesskapen og meir optimistiske tekstar som skildrar tilbakevendinga til verda.

I tilbakevendingsdikt som «Vårsjø» handlar det om å gje noko til å verda, om å visa fram noko verdifullt som den som fører ordet, berre kunne koma i kontakt med i si einsemd. På denne måten får einsemda meining, som uforstyrra bearbeiding av eige psykiske djup, og med det som nødvendig førebuing for å kunna seia noko sant om det menneskelege. Forteljinga i samlinga blir samstundes forteljinga om boka som kjem til syne, om det å leggja dette indre ope for verda. Slik blir det nietzscheanske og forsiktig ekspresjonistiske prosjektet frå førre boka ført til sin ende.

Det er i Seint rodnar skog i djuvet diktet «Gullhanen» står, den første vellykka sonetten av Hauge. Saman med «Kveld i november» og «Til eit Astrup-bilete» i den neste samlinga løftar diktet Hauge opp på eit internasjonalt nivå som forfattar av rima dikt.

Meisterskapen i Hauges sonettar ligg i at han flyttar overgangane frå ei setning til ei anna inn i verselinene. Dermed står diktet fram i ei spenning mellom der språket naturleg vil ha pausar og der rimskjemaet plasserer dei. Når denne ambivalensen, denne manglande tryggleiken i det språklege uttrykket, møter motsvarande kjensler overfor det som blir skildra, oppstår det eit samband mellom form og innhald som gjer at desse dikta blir modernistiske trass i den klassiske forma.

Dei tre nemnde sonettane er virtuose glansnummer. På mange måtar er det sjølvsagt at det er Olav H. Hauge, forfattaren som både er modernist og skriv rima dikt, som er i stand til både å sjå utvegane til å skapa tekstar av denne typen og maktar å gjennomføra det til perfeksjon.