SPØR VINDEN (1971)

Formmessig er det mest iaugefallande ved denne utgjevinga at det berre er nokre få minningar att av dei mange kortdikta frå førre boka. Elles er det mange dikt retta til internasjonale forfattarar her.

Forfattar
HADLE OFTERDAL ANDERSEN

I arbeidet med dei sist nemnde tekstane utvikla Hauge ein heilt eigen teknikk der han smelta inn ordval og skrivemåtar frå dei poetane han hadde føre seg. Såleis er diktet til William Blake tydeleg prega av Hauges eige uttrykk, men samstundes like umiskjennelig tilført visse drag av Blakes idiom. I andre tekstar, som diktet til Georg Trakl, er det som om mest heile skrivemåten er lånt inn.

I 1967 hadde Hauge gjeve ut den første boka si med omsette dikt. Med den opna han ei ny side i verket sitt som dei neste åra gjorde han til den førande poesiomsetjaren i landet. Det ligg nær å tenkja seg at det er denne erfaringa ved å nytta sitt eige språk til å uttrykka andre sine dikt, som er bakgrunnen for denne nye og dialogorienterte måten å skriva på.

Den meditative balansen frå førre boka er elles rokka ved på to avgjerande måtar. Ein finn ein handfull dikt som handlar om å utveksla kjærleiksbrev, og om å vera gamal og forelska. I forfattarskapen peikar desse tekstane framover, som ein gjerne seier, utan at eit dikt kan vita noko om kva som seinare skal koma, mot dikta om kjærleik og samliv i den neste samlinga. Det påfallande på dette tidspunktet, i Spør vinden, er kor tydeleg desse dikta gjer nærverande ei oppleving av å vera i fare når ein opnar seg for eit anna menneske.

Litterært er 1970-talet i Noreg som i dei fleste vestlege land prega av venstreradikale straumdrag og nye skrivemåtar som set det politiske i sentrum. I så måte er det eit teikn i tida at ein mot slutten av denne samlinga finn ei rad dikt som på ulike måtar tematiserer ytrepolitiske hendingar. Sentralt står Vietnamkrigen, som det blir referert direkte til i «Det er ikkje berre soli og Vårherre som ser kva som skjer». Truleg knyter diktparet «Desembermånen 1969» og «Nyåret 1970» seg til det same. Frå dette omdreiingspunktet følgjer så andre dikt om krig.

No kan det vera vanskeleg å sjå kva motstand mot Vietnamkrigen har å gjera med politisk radikalisme, men slik var det altså på den tida. Motstanden mot krigen i Asia var eit første oppgjer med etablissementet. Det er difor så mange som var unge på denne tida, løftar fram nett denne saka som så skilsetjande for deira generasjon. På ny viser den aldrande Olav H. Hauge seg å vera på parti med dei unge.