Ein vakker mai-dag på 70-talet dura kjærasten min og eg mot Ulvik på to hjul i svingen for å vitja Olav. H. Hauge. Me skulle same haust vera deltakande i eit radioprogram med diktaren, der me båe skulle syngja, og eg tenkte det kunne vera kjekt å treffa han på førehand. Kjærasten min tykte dette var noko påtrengande, men let seg overtala. Me steig av Vespa-en på Hakestad og møtte Bodil i tunet. Eg spurde om det var her diktaren budde. Ja, sa ho og såg på kjærasten mi medan ho la til: og han er ikkje fårleg…
Det viste seg at Bodil var mor til leikekameratane hans på Sørlandet og dei fekk etter kvart mykje å snakka om. Eg banka på døra og Olav kom ut, eg steig over dørstokken og vart vist rundt i biblioteket. Og etter kvart og la eg fram ærendet vårt og byrja å syngja «Din veg» til han. No fekk han fart på seg, spytta snusen i vasken og ropte: Bodil, Bodil, du må koma, du må koma, ho kan syngja, ho han syngja! Diktet har sidan vore kjært for meg… og tenk at han den store diktaren tykte eg kunne syngja!
Din veg frå «Under Bergfallet» (1951).