Om stiftinga

Nynorsk språk, kultur og kunnskap til heile landet

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom kulturformidling og kunnskapsutvikling arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.

Nynorsk kultursentrum er ei språkpolitisk kraft som arbeider for at nynorsk er sjølvsagt når som helst og kor som helst. 

Kvart år aukar samlingane og dokumentasjonen vår av nynorsk språk og litteratur. Saman med andre forskingsinstitusjonar forskar vi på litteratur, språk og kulturformidling. 

Stiftinga har arrangement i meir enn 75 kommunar i året med utstillingar på bibliotek, museum, kulturhus og kyrkjer, arrangement og turnear i Den kulturelle skulesekken.

Digital kultur- og kunnskapsformidling er viktig for oss. Vi driv blant anna barnenettstaden Tunkatten og podkasten Nynorsk no.

Vi driv tre faste kulturarenaer. Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje, og arrangerer festivalar ved dei same arenaene. 

Barnebokpostkasse i friluftsområde.
Nynorsk kultursentrum formidlar litteratur i friluft mange stader i landet. Her frå Barneboktua i Herøy. Foto: Eileen Gjerde
Utstillinga Biroller viser fram skeiv litteratur og journalistikk.
Kvart år lagar vi nye vandreutstillingar som kan bli sendt ut til heile landet. Foto: Nynorsk kultursentrum.
Framsyninga "Les for livet" hadde premiere i Den kulturelle skulesekken i Ulvik i 2018. Foto: Vigdis Nielsen/ Nynorsk kultursentrum
Festivalpublikum ved Litteraturdagane i Vinje i 2018. Foto: Sunniva Lund Osdal/ Nynorsk kultursentrum.

Historia

30. august 1993 blei stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, skipa (då heitte ho Ivar Aasen-stiftinga), men historia vår byrjar i 1898.

1898–1993

FØRHISTORIA: Ivar Aasen-museet opnar i Ørsta i 1898. Då har allereie Ivar Aasen-tunet vore ein samlingsstad for å feire og diskutere nynorsk språk og litteratur nokre år. Den tradisjonen held fram. I Vinje tek kommunen over Vinjestoga i 1904 og arrangerer folketog frå kyrkja til stoga. Begge musea er opne for publikum gjennom største delane av 1900-talet.

1993–2000

STIFTINGA: Nynorsk kultursentrum blir etablert i 1993 (fram til 1998 heiter ho Ivar Aasen-stiftinga). Frå 1990 hadde eit miljø av sentrale strategar og fagfolk arbeidd for å få på plass eit nasjonalt senter for dokumentasjon og formidling av Ivar Aasen og nynorsk skriftkultur. Frå 1993 skyt arbeidet fart. Stortinget vedtek å byggje eit dokumentasjons- og opplevingssenter i 1995 og arkitekt Sverre Fehn får æresoppdraget å utforme det i 1995.

2000–2009

ETABLERINGA: I 2000 opnar både nettsida og Aasen-tunet. På få år etablerer stiftinga seg som ein sentral politisk aktør for nynorsk språk og litteratur. Samstundes gjer Nynorsk kultursentrum avgjerande dokumentasjonsarbeid og set i gang digital formidling til barn på tunkatten.no og leksikonet Allkunne.

2010–2019

UTVIDINGA: Det nynorske høyrer heime i heile landet og den faste verksemda blir utvida frå Ørsta til Ulvik (2011) og Vinje (2018). Nynorsk kultursentrum blei kåra til Årets museum 2015. Då blei det mellom anna lagt vekt på evna til å arbeide breitt med formidling, gjennom til dømes Den kulturelle skulesekken og festivalane stiftinga driv.

2020–

SPREIINGA: Etter å ha etablert seg med tre festivalar, tre museum og mange digitale tenester arbeider no stiftinga med å nå enno meir og breiare ut til folk i heile landet digitalt og fysisk. Det avgjerande dokumentasjonsarbeidet som er gjort blir supplert med forsking. Stiftinga samarbeider no tett med Store norske leksikon, Nasjonalbiblioteket og andre med å dokumentere og formidle nynorsk skriftkultur.

Offentlege dokument

Her ligg alle årsmeldingar og rekneskap, styreprotokollar, langtidsplanar, etiske retningslinjer og våre søknader og rapportar til Kulturdepartementet.

Vedtekne på skipingsmøte 31. august 1993, med endringar frå 8. september 1997, 10. mars 1999, 11. mars 2005, 22. september 2011, 1. oktober 2015, 30. september 2016, 3. oktober 2017, 6. desember 2019 og 2. desember 2020. Sist godkjent av Lotteri- og stiftelsestilsynet 26. februar 2021.

§ 1 Føremål
Namnet på organisasjonen er Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Det engelske namnet er The Norwegian Museum of Written Culture.

Hovudsetet er i Ørsta.

Den ideelle stiftinga arbeider for nynorsk skriftkultur. Med utgangspunkt i føremålet skal stiftinga drive vitskapleg og kulturfagleg aktivitet som aukar kunnskapen og medvitet om nynorsk skriftkultur nasjonalt og internasjonalt. Det gjer museet gjennom dokumentasjon, forvaltning, forsking, formidling, fornying og politisk påverknadsarbeid.

Stiftinga kan drive og ta opp i seg museum og vitesenter, digitale tenester og andre vitskaplege og kulturfaglege tiltak som er med og oppfyller føremålet.

Med utgangspunkt i føremålet skal stiftinga samarbeide nasjonalt og internasjonalt med vitskaplege og kulturfaglege institusjonar.

Stiftinga skal arbeide i tråd med ICOMs museumsetiske regelverk.

§ 2 Grunnfond
Stiftinga skal ha eit grunnfond på minimum 100 000 kroner.

§ 3 Driftsinntekter
Driftsinntektene for stiftinga Nynorsk kultursentrum, medrekna offentleg og privat til-skot, skal gå til å dekkje driftsutgiftene for dei tiltaka stiftinga set i verk og har ansvar for. Overskot skal ikkje betalast ut, men brukast i arbeid for hovudføremålet.

§ 4 Styret
Styret skal leie arbeidet med stiftinga i samsvar med føremålet. Det skal føre tilsyn med forvaltning av økonomi og ressursar og vere hovudansvarleg for å gjennomføre stiftingstiltaka.

Styret har sju medlemer. Fire medlemmer blir oppnemnde av staten for fire år om gongen, to blir oppnemnde av rådet i tråd med § 6 i vedtektene for fire år om gongen, og ein av dei tilsette for to år om gongen. Alle oppnemningar er frå 1. april. Staten oppnemner to varamedlemer i prioritert rekkjefølgje for fire år om gongen. Rådet og dei tilsette oppnemner ein varamedlem kvar, begge for to år om gongen. Ved første gongs oppnemning skal to statsoppnemnde og ein rådsoppnemnd styremedlem med varamedlem oppnemnast for to år. Så langt råd er, skal like mange kvinner og menn oppnemnast eller veljast til styret. Ingen styremedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.

Styret er vedtaksført når minst fire styremedlemer er til stades.

Styret skal kvart år fastsetje årsoppgjeret innan dei til kvar tid gjeldande fristar frå Kulturdepartementet. Innan utgangen av april annakvart år skal styret velje leiar og nestleiar.

Styret skal tilsetje dagleg leiar og utarbeide arbeidsinstruks for denne.

§ 5 Revisjon
Årsoppgjer skal reviderast av statsautorisert revisor. Revisor blir vald av rådet.

§ 6 Rådet
Rådet skal sjå til at stiftinga arbeider i samsvar med føremålet. Rådet kan vedta fråsegner om alle spørsmål som vedrører stiftinga, men kan ikkje gi bindande pålegg til styret.

Rådet skal ha minst 15 medlemer med personlege varamedlemer, alle oppnemnde for to eller fire år om gongen. Desse institusjonane har rett til å oppnemne medlem med varamedlem til Rådet:
Det Norske Teatret
Høgskulen i Volda
Høgskulen på Vestlandet
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Musea på Sunnmøre
Møre Folkehøgskule
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møreforsking
Noregs Mållag
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Noregs Ungdomslag
Rogaland fylkeskommune
Ulvik herad
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Vestland fylkeskommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Vestmannalaget
Vinje kommune
Volda kommune
Ørsta kommune

Rådet kan samrøystes vedta at nye institusjonar får rett til kvar å oppnemne ein representant med personleg varamedlem til rådet, dersom institusjonen sluttar seg til føremålet for stiftinga og betaler inn minst 10 000 kroner til grunnfondet. Slikt vedtak om tilslutning frå nye institusjonar er ikkje ei formell vedtektsendring i høve til § 8.

Institusjonar som oppnemner representantar til rådet, skal så langt råd er, oppnemne ei kvinne og ein mann. Ingen rådsmedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.
Rådet vel ei valnemnd på tre medlemer for to år om gongen. Ein av medlemene i nemnda skal vere rådsmedlem, ein annan blir vald etter innstilling frå styret i Nynorsk kultursentrum. Ved kvart val går minst ein medlem ut slik at kvar medlem kan ha ei funksjonstid på inntil seks år.

Rådet skal ha ein ordførar, som skal innkalle til og leie rådsmøta, og ein varaord-førar. Ordførar og varaordførar skal veljast for to år om gongen. Vala skal vere gjort innan utgangen av april annakvart år.

Rådet skal oppnemne to styremedlemer med ein varamedlem og velje revisor for stiftinga.

Rådet skal ha minst eitt møte i året, til drøfting av årsoppgjer og drifta av stiftinga. Rådet er vedtaksført når eit fleirtal av dei oppnemnde medlemene er til stades. Rådsmøta er opne. Stiftinga Nynorsk kultursentrum stiller sekretær til rådvelde for rådet.

§ 7 Godtgjersle
Valnemnda innstiller til rådet om reglar for godtgjersle for verv i Nynorsk kultursentrum og kor stor godtgjersla skal vere. Rådet gjer endeleg vedtak i saka.

§ 8 Vedtektsendringar
Styret kan vedta endringar i vedtektene med 5/7 fleirtal. Framlegg om vedtektsendringar må gå fram av innkallinga til møtet. Før endringar av vedtektene blir vedtatt skal framlegg drøftast i rådet og leggjast fram for Kulturdepartementet til fråsegn. Vedtektsendringar er bindande frå det tidspunktet dei er godkjende av styresmaktene som har mynde til det etter gjeldande lovverk.»

§ 9 Oppløysing
Styret kan vedta å oppløyse stiftinga med 5/7 fleirtal. Oppløysingsvedtak er berre gyldig dersom rådet har slutta seg til oppløysingsvedtaket med 3/4 fleirtal. Framlegg om oppløysing må gå fram av møteinnkalling. Dersom stiftinga blir oppløyst, skal alle aktiva overførast til eit fond som skal nyttast til å fremje arbeidet for nynorsk skriftkultur.

§ 10 Avhending av eigedom
Den rørlege og urørlege eigedomen til stiftinga kan ikkje avhendast, med mindre det følgjer av gjenstandens art eller føremålet med å tileigne seg gjenstanden.