Hopp til hovudinnhald

Open søknad! Er du den nye museumsverten vår?

Vi ser etter fleksible og allsidige museumsvertar i Aasentunet som kan leggje til rette for at gjestene våre får ei god oppleving hjå oss. Vi søkjer museumsvertar som er tilgjengelege året rundt, og vi har eit særleg behov under Festspela i juni og i sommarsesongen.

  • Bilete av ein museumsvert ved Aasentunet saman med ei gruppe besøkande
    André Nesheim Hustoft

Arbeidsoppgåvene er mellom anna å ta imot publikum, gjennomføre omvisingar, arbeide i butikken, lage enkle matrettar og stå for servering i kafeen. Det vil også vere aktuelt med noko vedlikehaldsarbeid utandørs og innandørs og enkelt reinhald.  

Som museumsvert vil arbeidstida hovudsakleg vere kveldstid og helg, og stillingsstorleiken vil vere mellom 5 og 20 prosent. Museumsvertane våre jobbar etter ein vaktplan som tek utgangspunkt i både gjeldande opningstider og planlagde arrangement. Under Festspela og i sommarsesongen har vi ein eigen vaktplan. Vi har også behov for museumsvertar som kan stille på kort varsel. 

Aasentunet er eit av tre museum som blir drifta av Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden, og ligg på staden der Ivar Aasen vaks opp. Vi har som mål å vere ein viktig møtestad for lokalbefolkninga, så vel som eit attraktivt reisemål for turistar. I tillegg til omvisingar og museumsbesøk har vi kulturarrangement gjennom heile året, Festspela i starten av juni og leiger ut lokala våre til private og offentlege tilstellingar.    

Som museumsvert må du 
•  like å arbeide med publikum
•. kunne vere eit godt vertskap
•  vere flink til å halde orden 
•. vise initiativ og jobbe sjølvstendig
•. trivst i høgt tempo
•. kunne formulere deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg. I Nynorsk kultursentrum nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Det er ein stor fordel om du også er stødig i engelsk. 

Vi tilbyr 
•. eit triveleg og tett arbeidsmiljø med godt samarbeid på tvers av avdelingane
•. ein arbeidsplass i eit vakkert landskap og i unik arkitektur
•. god opplæring og støtte hjå andre tilsette  
•. timeløn etter lokalt lønssystem  

Arenaleiar er nærmaste overordna for alle museumsvertar.    

Fleire opplysningar om stillinga får du hos formidlingsleiar Tone Slenes, tlf 91 51 88 22. 

Send søknad med referansar til stilling@nynorsk.no. Vi behandlar søknadene fortløpande.  

Behandling av personopplysningar i samband med rekruttering 
Søkarar på stillingar i Nynorsk kultursentrum sender søknad, cv og personopplysningar til e-postadressa stilling@nynorsk.no. Det er berre ein person i organisasjonen som har tilgang til denne og behandlar opplysningane som kjem inn der.     

Vi lagar ei søkarliste med følgjande informasjon om kvar kandidat til stillinga: Namn, bustadkommune, fødselsår, noverande arbeidsstad og høgaste utdanning. Desse opplysningane blir lagra etter at tilsetjingsprosessen er over. All anna personinformasjon (søknad, cv og kontaktdata) blir sletta etter at tilsetjinga er gjennomført.   

Nynorsk kultursentrum har offentlege søkarlister. Om du ikkje skal stå på ho, må du be om unntak i søknaden. Du vil eventuelt få dette innvilga frå administrasjonen. Dei offentlege søkarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.   

Det blir utnemnd eit tilsetjingsutval med inntil tre personar for kvar tilsetjing. Den som har personalansvaret for stillinga leiar dette utvalet. Utvalet har teieplikt om alt som kjem fram i tilsetjingsprosessen.   

Nynorsk kultursentrum verken kartlegg eller lagrar sensitive personopplysningar. Vi sender heller ikkje vidare noko informasjon om søkarar utan samtykke frå kandidaten.     

Dine rettar etter personopplysningsloven 
Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar opplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.