På turné med Gamle menn i syningom 

Arnfinn Kolerud.
Arnfinn Kolerud. Foto: Per Eide
Bokomslag: Gamle menn i syningom.
Gamle menn i syningom.

Arnfinn Kolerud er ein profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar som har vunne fleire litterære prisar og fått gode kritikkar for den siste boka si. Saman med Nynorsk kultursentrum held han 3.–7. september foredrag på Voss, Etne, Kinsarvik og Haugesund om den siste romanen, som går inn i den norske språkstriden.  

Koleruds bøker er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagslivet og ein jordnær røyndom – men med rom for fantasirike innfall.  

I bokaGamle menn i syningommøter ein ungdom i Vassbygda som tek high five når dei møtest, chiller med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden – og ein fornærma konge sjokkerer ved å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen?   

Etter at Kolerud besøkjer Nynorsk kultursentrum og Haugesenterets poesifestival 3. september, dreg han vidare til Etne bibliotek 4. september, Skeisvang videregående skole 6. september og kommunehuset i Kinsarvik 7. september. Arrangementa i Etne og Kinsarvik blir gjennomførte med støtte frå Vestland fylkeskommune. Fleire bibliotek får besøk seinare på hausten.

– Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole er eitt av fem utvalde nynorske pilotbibliotek, som vi samarbeider med for å setje meir fokus på nynorsk litteratur og styrkje den nynorske identiteten. Arnfinn Kolerud vil både snakke om boka si og diskutere språket i dag med elevane, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.

«Gamle menn i syningom» kan du kjøpe i nettbutikken vår, handlenett.no.