/: Per spelmann, han hadde ei einaste ku. :/
/: Han bytte bort kua, fekk fela igjen. :/
”Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!”
/: Per spelmann, han spela, og fela ho lét, :/
/: så gutane dansa, og jentene grét. :/
”Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!
/: Og om eg vert gammal som stein under bru, :/
/: så aldri eg byter bort fela for ku. :/
”Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!”
/: Og om eg vert gamal som mose på tre, :/
/: så aldri eg byter bort fela for fé. :/
”Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!”
/: Og om eg vert gammal som skorpa på graut, :/
/: så aldri eg byter bort fela for naut. :/
”Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!”
Norsk folkevise
Norsk folketone
Kjelde: Norsk sangbok, 1998