I samband med opninga av Vinjesenteret for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi. I teksten nedanfor tek Ronny Brede Aase fatt på temaet. 

Ting eg har lært om babyar og musikksmak

Det eg har tatt mest til meg av alt mor mi prøvde å lære meg om livet i oppveksten, sa ho ein regntung haustkveld då ho henta meg og eit par vener etter filmkveld. Dei stilte alltid opp for å hente, foreldra mine. Fyrst no forstår eg kor mykje dei har styra på mine vegne.  

Denne kvelden surra ei, etter mi meining, dårleg låt på radioen i bilen. Eg lurer på om det kan ha vore Fools Garden-låta «Lemon Tree», for den har eg alltid følt at er litt guffen i stemninga. Der er grums i melodien, rett og slett. Mamma elskar den. Nesten like mykje som ho elskar «Am I Wrong» av Nico & Vinz.  

«Am I Wrong» får mamma til å skru opp lyden brutalt mykje, kvar gong. Så høgt at eg syns det er litt ubehageleg. Og litt flaut. 

Denne regntunge kvelden i bilen utbraut eg høgt og tydeleg at låta på radioen var skikkeleg dritt. Konstanterte det hardt frå passasjersetet.  

Eg hugsar så godt at mamma sa, roleg men tydeleg, at eg ikkje kunne snakke sånn om musikk. 

«Du kan no vel ikkje påstå at denne songen er dritt! Du kan seie at du syns den er det, men du må ha respekt for at andre likar den. Då kan du ikkje slå fast at den er dritt, berre fordi du syns det sjølv».  

Den kvelden lærte eg at alt er lov å påstå, så lenge eg legg til «eg syns» fyrst. Og eg tok poenget hennar med meg vidare. For eg har seinare opplevd kor forferdeleg kjipt det er når andre omtalar musikk eg elskar i negative ordelag. Der er så mykje følelsar i musikk. Når nokon mislikar musikken eg elskar, følast det som eit personleg angrep. Som då Anders Grønneberg i Dagbladet ga den fantastiske Arcade Fire-konserten, min fyrste storkonsert, terningkast 3. Eg hugsar det var uforståeleg at han kunne tillate seg å forhalde seg så lunkent til noko så vakkert. «På nødbluss», var tittelen hans, hausten 2007. Han spurde seg om kvifor eit band som er så bra på plate ikkje klarde overføre det til konsert. Eg var rasande då, men når eg les meldinga om att i dag, innser eg at den eigentleg er ganske fin. Og hadde eg vore på fleire store konsertar før denne, kan det nok hende eg hadde vore einig i at den var «tidvis flat med et overdrevent pompøst og lite variert uttrykk».  

For eg kan jo ha blitt litt påverka positivt av at vi var 10 000 fans i Oslo Spektrum den kvelden, og at eg aldri hadde vore så tett på så mange menneske nokon sinne før. Og det at eg framleis syns platevåren 2007 er den beste som har vore, kan jo skuldast at eg var 20 år, budde i London og gjekk gatelangs i sola med den nye, blå iPoden min i lomma. Alle låtane eg elska då, vil for alltid stå att som dei beste i livet, uansett om kvaliteten held seg eller ei.  

Eg har tenkt så mykje den siste tida, på kor ulikt vi oppfattar alt omkring oss. Korleis den same tingen kan vera så ulik for meg og deg. Sikkert fordi klisjèen om at verda aldri er svart-kvit har slått meg så innmari hardt i fjeset nyleg. 

Vi har nemleg fått barn, eg og kjærasten min. 

Eit nytt familiemedlem. Eit felles ansvar, resten av livet.  

Ho er heilt fantastisk fin, og jobben med å passe på ho er jævlig slitsom. 

Alle foreldre har sagt det før, i alle år. Likevel syns eg det er vanskeleg å forstå, og å ta innover meg, at noko kan vere både så vanvittig slitsomt og så fantastisk fint – på same tid. Eg kan vere så sleten, så redd for å ikkje følge godt nok med når ho prøvar å reise seg. Eg har ikkje sove til seinare enn 05:00 sidan ho kom. Likevel ville eg ikkje vore forutan noko av det.  

For no er livet nytt.  

Og eg er heile tida redd for at eg gjer det feil. Fordi eg aldri aldri har prata om korleis eg skal gjera det før eg brått var midt i det. Ingen har lufta kor strevsomt det er, korleis nye utfordringar ballar på seg og der alltid er nye ting å bekymre seg for. 

Eller kanskje folk har prata til meg om kor hektisk småbarnslivet er, berre at eg ikkje har brydd meg før det gjaldt meg òg? Det kan òg forklare at eg no ikkje kan forstå at alle andre som har born, har vore gjennom noko så livsendrande utan å skrike høgt om det. Eg kan liksom ikkje tru at der ikkje melder seg eit debriefbehov når alt du er vand med vert snudd fullstendig på hovudet.  

Då er nok sjansen større for at eg har sila alt om barn rett gjennom hjernen og ut på andre sida.  

Ein anna teori om manglande beskrivelse av kaosliv, er at møtet med menneske utanfor husstanden er eit gyldent høve til å endeleg føle på meistring. For den følelsen får ein ikkje heime i den hektiske kvardagen. Der er ingen heder å få etter ein morgon med plettfri timing på matinga, null grining og perfekt skifa bleier. Kjærasten står ikkje klar for å applaudere meg. Og eg står heller ikkje klar for å applaudere ho for å meistre kvardagslivet med baby. Då kan det fort vera lett å pynte litt på livet ute med vener, berre for å hauste nokre godord om eigen foreldreinnsats.  

«Ja, han et så pent», «har din byrja gå enno då? Vår har gått eit par månader alt». «blir dåkkas baby kjemperoleg av å høyre på Fools Garden?» 

Eg tok meg sjølv i å gjera noko liknande, underbevisst og uventa, då eg var åleine med babyen på helsestasjonen her om dagen. 

For sjølv om eg veit at lydane som kjem ut av munnen hennar er det totale svada, spurde eg ho høgt og tydeleg ute på venterommet, med alle dei andre foreldra: «Jøss. Kalte du nett lua di for lue? Forstår du kva lue betyr?» 

Då kom det tørt frå ei mor på nabobenken, «er ikke seks måneder litt vel tidlig for å begynne å prate da?». 

Kanskje har vi berre behov for å snike oss litt vekk frå alt ansvaret? Frå redselen for å ikkje gjera det godt nok? Og der ute i verda, der ingen har sett deg på ditt mest slitne etter ein permisjonsdag kor alt gjekk på tverke, der kan du dele historia om eit smart og ryddig barn som får all maten inn i kjeften og ikkje utover heile kjøkkenet.  

Når eg ikkje finn korkje handduk eller klut, og ender opp med å tørke gulp med eigen genserarm, tenkjer eg ofte på kor heldig eg er. Heldig som får oppleve så tydeleg at ting ikkje er svart-kvitt. At det største og råaste eg har opplevd så langt er både slitsomt og fint. Og så veit eg med meg shjølv at dei andre tørkar gulp med genseren òg. Dei berre seier det ikkje høgt når dei får moglegheit til å sleppe.  

På same måte veit eg, innerst inne, at meldaren til Dagbladet truleg har rett i at Arcade Fire-konserten i 2007 var litt flat. Men når eg set på «Neon Bible»-albumet kjem eitt av mine beste konsertminner veltande innover meg. Kvar gong.  

 

Share on facebook
Share on twitter