Noko høver seg. Anna høver seg ikkje.

Berre ein vekkingssong fekk plass i Nynorsk salmebok. Vekkingssongane, dei som ikkje kom med.


Tekst
ARVE BRUNVOLL

Her er vi inne på eit viktig tilhøve: Eit nytt tilfang til den kristne songen i Noreg var det som endå ikkje vart sett på som songar for ei salmebok. Det er dei f.o.f. svenske og engelsk-amerikanske vekkingssongane som var mykje brukte i forsamlingar utanom kyrkja, og som fleire av dei nynorske salmeforfattarane hadde sans for, særleg Støylen, slik det kjem fram av songboka hans. Hovden kan vel også reknast til desse, attåt andre som vi ikkje tenkjer på som forfattarar, t. d. Johann Lunde. Men ingen slik songar, bortsett frå kanskje ein, kom inn i Nynorsk salmebok, medan Landstads reviderte hadde to av Lina Sandell sine songar. Enno rådde den haldninga som den store salmehistorikaren P. E. Rynning gav eit bramfritt uttrykk for:

Når denne svenske songen – saman med engelsk-amerikansk av same lét – fekk so stort rom i norske songsamlingar, heng dette saman med arbedsformi i det frie kristelege arbeidet, med kvinnelag for alle misjonsgreiner og kristlynd verksemd. Songen hev då sin venleik og ynde, og tonar som hev rettkome rom i kristeleg lyd og lag. Men kann henda hev han verka med til – i si tid – å fremja ein mentalitet som gjorde menn framande for kristendomen. Kristusbiletet i denne songen hev ofte veike drag. …Men …Herren [er] ikkje berre “Lammet”, men og “Løva av Juda”! Det er dette numinøse i den ekte salmen, som desse songane frå engelsk-amerikansk og svensk vantar. Dei er utslag av ei kristenånd, som – einsidugt dyrka – hev ført til ordet um at “kristendom er for kvinnor, gamle og born”. (P. E. Rynning, Salmediktingi i Noreg II, 1954, 138)

Ein ironi ligg det då i at den einaste vekkingssongen som kom med i Nynorsk salmebok frå den amerikanske vekkingsrørsla midt i det 19. hundreåret, er George Duffields “Statt upp til strid for Jesus” (omsett av Støylen). Støylen kan vel ha argumentert med at “han står då i Hymns Ancient & Modern!” Og eit par-tre generasjonar har vel sunge denne songen med stort frimod. Så har det vel ved ein dobbel ironi skjedd at denne teksten har vorte for sterk igjen. Stridsmetaforen er ikkje comme il faut lenger. Iallfall har ikkje songen kome med i dei nyare salmebøkene.

Her er kanskje også staden for å seie noko om det musikalske i samband med salmeomsetjingar. Då melodiane vart valde for Nynorsk salmebok og Landstads reviderte, rådde vel enno tanken om at salmemelodiar måtte ha ein “kyrkjeleg” karakter. Og at det gjaldt å bruke kjende melodiar. Såleis fekk ofte ikkje salmane med seg den melodien som verkeleg bar dei fram. Så vart “Statt opp til strid for Jesus” ståande med med melodien til “Jeg vil meg Herren love”, den same melodien fekk G. Jensens omsetjing av “Vår kirkes grunnvoll ene”, og “Allheims berg som brast for meg” fekk på seg “Herre, hvor skal vi gå hen”. Annleis gjekk det med “Lov Jesu namn og herredom”, “Leid milde ljos” og “Å, ver hjå meg”. Dei fekk svinge seg på sine engelske melodiar og slo gjennom.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Bernt Støylen. Foto: Nasjonalbiblioteket, ingen opphavsrett