Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet

Nynorsk i bruk, Aasentunet

Peder Hovdan, ukjent år og fotograf. Frå samlinga til Nynorsk kultursentrum.

Arkiv for norsk målreising er eit stort emnearkiv over norsk målreising, særleg frå tidsrommet 1900–1940, samla av læraren og målmannen Peder Hovdan (1874–1965).

Hovdan dokumenterte utbreiinga av nynorsk på mange samfunnsområde, spesielt utbreiinga av nynorsk i skule, kyrkje og offentleg forvaltning. Arkivet består i stor mon av avisutklipp frå dei største nynorske avisene, men også brev, notat og nokre andre arkivalia. Stoffet var stort sett ordna etter emne i 153 kapslar/kassettar supplert med fleire lause konvoluttar, ein hovudprotokoll (Hovdan-protokollen) og nokre mindre protokollar. Hovdan-protokollen er ein viktig del av arkivet, og er ein handskriven protokoll på 642 sider ordna etter fylke og kommune, der Hovdan har skrive inn og limt inn avisklipp om stort og smått om utviklinga for nynorsk i den aktuelle kommunen. Dette er ei eineståande samling av informasjon om målstriden lokalt. Protokollen er skanna og gjort digitalt tilgjengeleg, sjå under. 

Arkivet er eigd av Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, og er oppbevart i Aasentunet i Ørsta. 

Hovdan gav i 1954 arkivet til Det Norske Samlaget, som frå før eigde Norsk Boksamling / Anton Aure-samlinga, ei stor samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt. Saman var det tenkt som ei grunnsamling for nynorsk målreising. I dag er det Nasjonalbiblioteket som eig og forvaltar Norsk Boksamling. 

Hovdan gav ut fleire skrifter som bygde på det innsamla materialet. Han laga også kart som viser utbreiinga av nynorsk som opplæringsspråk i Noreg. I museumssamlinga til Nynorsk kultursentrum finst et trykk av målkarta, som dette målkartet frå 1920 som du sjå i samlinga vår på Digitalt Museum. 

Les meir om Peder Hovdan i Store norske leksikon. 

Bla i Hovdan-protokollen
Vel fylke for å sjå dei aktuelle sidene frå Hovdan-protokollen. Under kvart fylke er kommunane ordna alfabetisk. Om du held musepeikaren over miniatyrbileta vil du sjå namnet på kommunen. Klikk på eit bilete og deretter på forstørringsglaset oppe i høgre hjørne for å zoome inn.