Arkiv for norsk målreising (Hovdan-arkivet)

Nynorsk i bruk, Ivar Aasen-tunet

Læraren og målmannen Peder E. Hovdan (1874-1965) sitt omfattande nynorskarkiv er eigd av Det Norske Samlaget. Det omfattar ein gedigen, handskriven protokoll ordna kommunevis, der Hovdan har skrive inn stort og smått om utviklinga for nynorsk i den aktuelle kommunen, og 133 kassettar med avisklipp frå om lag 1905–1960.

Manuskript og brev er fysisk integrerte i Handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket og blir verande der. Resten av samlinga er ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Add Your Comment