Norsk boksamling (Anton Aure-samlinga)

Nynorsk i bruk, Ivar Aasen-tunet, Nasjonalbiblioteket

Deponert av eigaren Det Norske Samlaget frå 2001. Samlinga omfattar 6000 skrifter på nynorsk og bygdemål frå før 1924, i tillegg til aviser og periodika samla av læraren, boksamlaren og bibliografen Anton Aure (1884–1924). I åra etter 1924 vart samlinga supplert med titlar utgitt på Samlaget, som eig samlinga. Avis- og periodikasamlinga omfattar 147 ulike titlar, som omfattar 2166 årgangar innbundne i 777 band og utgjer 37 hyllemeter.