Olav H. Hauge-boksamlinga

Deponert av eigaren Olav H. Hauge-stiftinga gjennom godkjend avtale av 25.9.2014 for perioden 2014–2023. Ulvik herad kjøpte samlinga av enkja Bodil Cappelen for ein symbolsk sum i 1997, og kommunen gav seinare samlinga til stiftinga.

Samlinga er på 6237 band. Samlinga har vore Olav H. Hauge si private boksamling og blei flytta frå diktarbustaden Rossvoll til Hauge-senteret i 2014.

Du kan søke i boksamlinga og sjå einskildbøker presentert på Digitalt museum.

Add Your Comment