- 1/1
Plansje frå utstillinga
Den sterke bølgja av sjølvframstillande litteratur etter 2000 var bakgrunnen for at temautstillinga blei laga i 2017.
I stadig sterkare grad har ein sett at forfattarar har utfordra grensene mellom det som tradisjonelt har vore oppfatta som to sjangrar: sakprosa og skjønnlitteratur. For kva gjer ein når forfattaren skriv seg sjølv inn i romanen, med fullt samanfall mellom namn og stader frå røynda, slik Karl Ove Knausgård gjorde i det bandsterke verket Min kamp?
Professor i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda, Geir Hjorthol, opna temautstillinga med refleksjonar om teamet i juni 2017.
– Kva slags røynd er det snakk om når romanpersonar har same namn som levande personar? Dette fenomenet tvingar oss til å tenke gjennom på nytt skiljet mellom fakta og fiksjon, som alt for ofte blir teke for gitt som eit skilje mellom anten-eller. Kanskje er det ikkje så enkelt, sa Hjorthol til dei frammøtte.
Temautstillinga prøver å gi eit balansert bilde av eit saksfelt som stadig blir debattert i litteraturmiljøet, og har henta mange sitat frå ein debatt om såkalla «røyndsomslitteratur».
Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.
Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), vegghengt banner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)
Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no
Kurator:
Anders Aanes, Liv Astrid Langnes, Siri Beate Gjerde, Gaute Øvereng
Samarbeidspartnarar:
Jannice Velsvik (formgiving), Colormaster (produksjon), Geir Hjorthol (fagleg mentor)