Sigmund Løvåsen er årets festspeldiktar

Foto av festspeldiktar Sigmund Løvåsen.
Sigmund Løvåsen. Foto: David Aasen / Samlaget

Festspela blir gjennomført 10.–13. juni 2021 med festspeldiktar Sigmund Løvåsen. Nynorsk kultursentrum og Aasentunet legg planar innanfor gjeldande rammer og omsyn til smittevern, og lovar ei trygg oppleving.

I 2020 blei Festspela i hovudsak gjennomført digitalt, med nokre fysiske arrangement på hausten med mellom andre festspeldiktarane Odd Nordstoga og Stein Versto.

– Det er ikkje enkelt å planleggje festival i 2021 heller, men vi tek utgangspunkt i dei gjeldande rammene for arrangement og smittevernreglar og går for ein nedskalert festival i juni, fortel arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik, og lovar fleire programdryss i vekene som kjem.

Festspeldiktar i 2021 er Sigmund Løvåsen frå Trysil. Sidan debutromanen Nyryddinga i 2003 har han gitt ut ei rekkje romanar, skodespel og diktbøker. Løvåsen var også leiar i Den norske Forfatterforening frå 2012 til 2017. Løvåsen gler seg til å kome til Ørsta og Volda, og han skal mellom anna presentere eit heilt nytt tingingsverk saman med komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli.

– Det er ei stor ære å bli valt som festspeldiktar. Eg ser fram til å møte publikum i juni for å presentere nye tekstar og sjå tilbake på det eg har skapt i snart tjue år som forfattar, seier festspeldiktaren.

Aasentunet lanserer meir program i vekene framover.