Hopp til hovudinnhald

Snakk om språk

  • to menn står med ein plakat av Noreg mellom seg
    1/1
    Richard Olsen og André Lassemo Nynorsk kultursentrum
MålgruppeVarigheitAntal utøvararMaks elevar per arrangement
8.-10. trinn70 minutt230

Omtale

Snakk om språk er eit formidlingstilbod for ungdomstrinnet der dei norske dialektene og skriftspråka er tema. Saman med elevane reflekterer utøvarane over språk, dialekt og det å vere språkbrukar, og dei gjer elevane bevisste på at språkleg mangfald er ein ressurs! Språk heng saman med identitet, og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.

I Snakk om språk får elevane møte to profesjonelle skodespelarar som er opptekne av språk, korleis vi snakkar, korleis vi skriv, i kva grad språket vårt er i endring, og i kva grad språket vårt blir påverka av samfunnet rundt oss. Framsyninga er leiken og underhaldande, og utøvarane illustrerer språket vårt gjennom ulike rollefigurar.

Snakk om språk prøver ikkje å få alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å dele kunnskap og skape undring over og engasjement for det språklege mangfaldet vi lever i, og språkvala vi gjer. Elevane blir inviterte inn i samtalen der dei kjem inn på eigne haldningar til språk og dialektbruk. Dei diskuterer språkhistorie, skriftspråksituasjonen, språkendringar, språk og makt, og språkleg vane og identitet. Elevane får også høve til å bryne seg på dialektkjennskap med ein popmusikk-kviss.

Med framsyninga ønskjer vi å gi elevane språkleg sjølvtillit, både skriftleg og munnleg. Vi vil vise elevane at dei kan vere stolte av dialekta si og skriftspråket sitt. Vi ønskjer at elevane skal forstå at skriftspråka våre og det store dialektmangfaldet i Noreg er ein del av kulturarven vår, og at toleransen for dialekter i Noreg ikkje har kome av seg sjølv.

Nyttig informasjon

Varigheit

70 minutt

Tid opprigg

20 minutt

Tid nedrigg

10 minutt

Arena/rom

Klasserom

Antal utøvarar

2

Treng scene

Nei

Treng blending

Nei

Treng el-uttak

Ja

For- og etterarbeid

Nei

Spørsmål og tinging

Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning. 

Utøvarar og produsentar

Utøvarar

Richard Olsen er utdanna hjå Complete Vocal Institute i København og GITIS-Scandinavia i Århus (Russian Academy Of Theatre Arts). Han har medverka i fleire musikalar og teaterstykke, og har lang erfaring i Den kulturelle skulesekken i produksjonen "Snakk om språk" frå Nynorsk kultursentrum. Han er òg aktuell i produksjonen "Skit eller kanel" frå Nynorsk kultursentrum.

André Lassemo er utdanna hjå Liverpool Institute for Performing Arts, BA (Hons) og East 15 Acting School, Certificate of Higher Education in Theatre Arts. Han har lang erfaring frå scene og film/TV.

Produsent

Om Nynorsk kultursentrum: Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.

Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.

Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.

  • to menn står med ein plakat av Noreg mellom seg
    1/2
    Richard Olsen og André Lassemo Nynorsk kultursentrum
  • Frå framsyninga
    2/2
    Drifa Gudmundsdottir / Nynorsk kultursentrum