Hopp til hovudinnhald

Søkjer stemmeskodespelarar!

Vi søkjer etter born mellom 10 og 13 år som vil delta som stemmeskodespelarar i «Avdeling T», eit manusbasert høyrespel for og med born.

Innspeling: 23.–27. mars 2025

Frist: 25. januar kl. 23.59

Kven kan søkje?: Born i alderen
10–13 år

Stad: Studio i Bergen
(Meir informasjon om stad blir avtala individuelt)

Innspelinga skjer i veke 13 (23.–27. mars) i Bergen. Nærmare tidspunkt og stad blir avtalt individuelt. Borna må ha kort reiseveg og ha høve til å ta fri frå skulen for å vere med på innspeling tre samanhengande timar i dette tidsrommet.

Kort om prosjektet

«Avdeling T» er eit manusbasert høyrespel for og med born. Det handlar om ei hemmeleg avdeling i Noreg som berre statsministaren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv, faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan bøker bli rastlause og vil ut på eigne eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp. 

 
I kvar episode møter vi Meister T og to agentar (borna), i tillegg til ein ny forfattar per episode. 
 
Prosjektet vert gjennomført i trygge rammer, med fokus på formidling, stemmebruk og ei god oppleving for borna. 

Kven kan søkje?

  • Born i alderen 10–13 år
  • Erfaring er ikkje nødvendig, men ønskjeleg.
  • Alle stemmer og uttrykk er velkomne.
  • Må bu i Bergensområdet.

Tid og stad

  • Innspelinga varer 2–4 timar 
  • Dette er eit eingongsoppdrag per barn
  • Erfaring viser at vi sjeldan nyttar meir enn 3,5 timar per episode
  • Barnet blir plassert i eitt av desse tidsromma:
    - kl. 09:00–12:00 
    - kl. 13:00–16:00
  • Barnet treng berre fri frå skulen i dette tidsrommet, i tillegg til reisetid til og frå innspelinga. 
  • Innspelinga skjer i eit studio i Bergen (Meir informasjon om stad blir avtala individuelt)

Føresette

  • Føresette må stå for påmelding av barnet (sjå rettleiing for påmelding lenger ned) 

  • Føresette kan vere til stades under innspelinga (valfritt) 

  • Vi nyttar samtykkeskjema som blir sendt til Arbeidstilsynet i forkant av innspeling.

  • Barnas trivsel og tryggleik kjem alltid først 

Honorar

Bornet blir honorert. I tillegg er noko å bite i og drikke inkludert på innspelingsdagen.

Slik sender du inn video (rettleiing)

Vi ønskjer at føresette hjelper barnet med å sende inn ein kort video (2–4 minutt). 
 
Videoen skal innehalde: 

1. Kort presentasjon
• Namn 
• Alder 
• Kvar barnet kjem frå og/eller bur
• Ein ting barnet likar å gjere etter skuletid

2. Spel ut ei kort scene
• Bruk manuset som ligg lengst nede her under “Manus” 
• La gjerne barnet spele saman med ein føresett 
• Det er også heilt greitt å spele berre éi av rollene

 

Tekniske retningslinjer 
• Film med mobiltelefon eller nettbrett 
• Gjer opptak i vanleg rombelysing 
• Gjer opptak i eit roleg rom utan bakgrunnsstøy
 

Slik sender du videoen  
1. Gå til wetransfer.com (gratis, inga innlogging) 
2. Trykk på «Legg til filer» og vel videoen de har spelt inn. 
3. Fyll inn: 
• Mottakar: maritveiti@nynorsk.no 
• Avsendar: e-post til føresette 
• Tittel: Video – *barnet sitt fulle namn* (døme: Video – Kari Nordmann) 
• Melding:  
- barnet sitt fulle namn
- føresette sitt fulle namn, telefonnummer og e-postadresse
- Kor barnet bur no (bydel)

 

Frist

Fristen for å sende inn video er 25. januar kl. 23:59. 
Me tek kontakt med alle som sender video i byrjinga av februar.

Manus

Under finn de manuset barnet skal spele ut i audition-videoen. 
Barnet skal spele karakteren Agent. 
 

Ein føresett kan gjerne spele mot barnet som karakteren Meister T, men det er også heilt i orden at barnet spelar berre si eiga rolle og førestiller seg den andre karakteren. De vel sjølve kva som kjennast mest naturleg. 
 
Det er lov å: 
• lese frå manus (men med innleving!) 
• stoppe og starte på nytt 
• spele scena på sin eigen måte 
 
Perfeksjon er ikkje viktig – me lyttar etter stemmebruk, formidling og personlegdom! 
 

Scena treng ikkje vere perfekt innstudert. Det viktigaste er at barnet: 
• snakkar tydeleg på sin eigen dialekt 
• tek seg tid 
• tør leve seg litt inn i situasjonen 

Karakter

Replikk

 Meister T 

 Hei! Velkomen hit til Avdeling T, agent. 

 Agent 

 Hei Meister T - Oi, her er det... annleis. Eg trudde kanskje vi skulle vere ute og reise i eventyr, men her er det jo berre eit stort maskineri med skjermar som lyser.  

Kva skjer her, eigentleg? 

 Meister T 

 Hehe, ja, det er mykje som skjer her! Her overvakar vi tåkefenomen... 

 Agent 

 Tåkefenomen? Kva er det? Er det… liksom som tåke, men magisk? 

 Meister T 

 Ja, eller... nesten! Men denne tåka kjem frå bøker som er ute av balanse.  

Agent  

Ute av balanse? 

Meister T 

Ja, alle bøker som vert skrive blir jo til eigne verder. Og når folk reagerer på det dei les i bøkene, kan bokverda bli ustabil og  begynne å... blande seg! 

 

 Agent 

 Så, denne tåka kjem frå... bøker? Og vi må passe på at den ikkje blandar seg med vår verd? 

 Meister T 

 Ja, akkurat! Ein gong så dukka Rødhette og Ulven opp midt i Oslo. Du kan seie det vart litt av eit styr...  

 Agent 

 Oi! Kva skjedde? 

 Meister T 

 Ulven var kome inn på slottet og hadde nesten fått tak i dronninga før vi rakk å ta han... 

 Agent 

 Skitt banditt! Så vi må passe på at folk og fe ikkje rømmer ut av bøkene? 

 Meister T 

 Det stemmer! Og det er derfor vi har tåkeavdelinga, Avdeling T. 

 Agent 

 Og derfor er du Meister T, fordi du er meister over tåka? 

Meister T 

 Haha – korrekt! Eg held styr på alt som skjer her.  

 Agent 

 Ehe... så mitt første oppdrag er å lære å halde styr på tåka? Og sørge for at... at... at  ikkje troll ender opp i Bø sommarland? 

 Meister T 

 Ja! Du er ein del av teamet no. Er du klar? 

 Agent 

 Klar som eit egg! 

 Meister T 

 Tipp topp – her ser du altså vêrmaskina. Den fortel oss kor i landet det er størst fare for at tåkefenomen kan oppstå.  

Agent 

Den har jo 1000 knappar og... og... hei – kva er alle desse greiene på den? 

Meister T 

Det vil ta år og dag å forklare alt, men det der som ser ut som eit kar, tåketanken, det er der me legg tåka - ja - når me har samla den, altså... 

Agent 

Tåketanken, ja, notert! Og dei spakane der da? 

Meister T 

Held du i dei når tåka er i tanken, då forsvinn du... 

Agent 

Hæ? Kor då?! 

Meister T 

 Ofte hamnar me i bokverda tåka kjem frå, men av og til har tåka blitt for stor til å ta ho med seg inn i avdelinga.  

Agent 

Ahaaaa, men kva gjer vi då ? 

Meister T 

Då reiser vi inn i tåka. Då må vi finne ut kva som har skjedd, og løyse problema. 

Agent 

Ahaaa – eg skjønnar!