- 1/1
Frå framsyninga av Solplomme Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum
| Målgruppe | Varigheit | Antal utøvarar | Maks elevar per arrangement |
|---|---|---|---|
| 1.-3. VGS | 35 minutt | 2 + lydteknikar | 90 |
Omtale
Solplomme er ei musikalsk-poetisk framsyning som speglar ein heilt bestemt stad på ein heilt bestemt augeblink på sommaren – Romedalen i Ørsta rundt jonsok. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse, og når sola vender, står alt vidope. Solplomme utforskar gjennom dikt og musikk både midtsommarmytar og kva vilje naturen har til å endre seg.
Solplomme kan vere ein heilt eigen flora, der sola, blomane og bålet er viktige element. Dikta trekkjer vidare liner til aktuelle tema som klima, fellesskap og uro. Musikalsk er verket samansett av omarbeidde feltopptak frå området, elektronikk, fløyter og vokal, framført i samspel med dikta.
Forfattar Anna Kleiva og musikar Vilde Tuv står bak bestillingsverket som vart skrive til Festspela i Ørsta i 2023, med ein storslagen premiere ved ei seter inst i Romedalen. Det er laga etterarbeid til produksjone som tek utgangspunkt i tekstar og musikk frå diktsamlinga Solplomme. Diktsamlinga kom på Oktober forlag hausten 2024.
Nyttig informasjon
Varigheit
35 minutt
Tid opprigg
60 minutt
Tid nedrigg
45 minutt
Arena/rom
Gymsal, auditorium, aula
Antal utøvarar
2 utøvarar og 1 lydteknikar
Treng scene
Nei
Treng blending
Ja
Treng el-uttak
Ja
For- og etterarbeid
Ja
Spørsmål og tinging
Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning.
Utøvarar og produsentar
Utøvarar
Anna Kleiva (f.1985) er ein prislønt forfattar og gjendiktar som hovudsakleg arbeider med poesi og essayistikk. Kleiva debuterte i 2011 med Ti liknande versjonar, og har sidan gitt ut fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A., og i 2024 var ho redaktør for diktsamlinga Tunga mi protesterer mot døden – palestinske dikt. Kleiva blir omtala som ei formmedviten og nyskapande poetisk stemme. Sentrale tematikkar i forfattarskapen er tilhøyrsle, natur, fridom, rørsle og språk. For diktsamlinga Vårar seinare (2015) fekk ho mellom anna Bjørnsonstipendet og Melsomprisen.
Vilde Tuv (f.1986) er ein artist, komponist og musikkprodusent som dei siste åra har markert seg på den norske musikkscena med sin avantgardistiske popmusikk og ufiltrerte framføringar. Fløyteplata Melting Songs vann Spellemannprisen i 2021 i kategorien elektronika. Hennar tredje soloalbum Truthbomb kom i 2025 og fekk strålande kritikkar frå norsk og utanlandsk presse. Med musikk rett frå hjartet, med klare melankolske undertonar og ærlege og utfordrande produksjonar, har ho også bidrege som komponist på prisløna produksjonar som barneteaterforestillinga Smeltasang og spelefilmen Den stygge stesøstera.
Produsent
Om Nynorsk kultursentrum: Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.
Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.
Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.