Eg rodde meg ut

Eg rodde meg ut på seie-grunnen,
det var um morgonen tidleg.
Då kom han Olav frå Kåremunnen,
og lagde båten for ile.
Då dreiv eg til han med fiskestongi,
so’n datt i uvitet bak i rongi.
Eg vart so glad, tok til og kvad;
eg rådde grunnen åleine.
Sudeli sudeli sudeli dei – ho!

Folkevise

Kjelde
Alvestad: Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag, Oslo 1931.