Fager er jordi

Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.
 
Tider skal koma, tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.
 
Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi, menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!

Salme

Tekst
Etter Ingeman, omsett til nynorsk av Gunnar Torgeirsson Rystad

Melodi
Eigen tone, Deilig er jorden

Kjelde
Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre opplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

Songbøker

Ønskjer du å lære fleire julesongar? Då kan du kjøpe desse bøkene i nettbutikken vår: