- 1/1
Frå utstillinga
I utstillinga kjem både kvinner og menn til orde, og gjennom tekstar frå det 20. hundreåret følgjer vi kystfolket i ulike landsdelar frå kvardagslivet inne på land til det tidvis dramatiske livet ute på havet. Utstillinga viser korleis livet langs havkanten har vore skildra i litteraturen. Til utstillinga er det laga ein CD med songar om kysten.
Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.
Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 (2 stk)
Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no
Produsert av
Kurator: Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad
Samarbeidspartnarar: Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon), Terje Hanssen (CD-produksjon)