- 1/1
André Hustoft Nesheim
Språket gjer oss rikare
Eit mangfald av språk og kultuttrykk er heldigvis normalt i dei fleste land – og i Noreg har vi to jamstilte, vitale norske språk. At René Rønshof vil gjere oss fattigare får vere hans problem.
Direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug Opsvik har skrive dette svaret til kronikken Å banne på nynorsk av René Rønshof i NRK Ytring.
På dagen to år etter at Jon Fosse blei heidra med nobelprisen i litteratur for sin framifrå forfattarskap på nynorsk, freista journalist og forfattar René Rønshof å resirkulere slitne argument mot ein mangfaldig fellesskap i Noreg.
Rønshof overdriv i den negative omtalen av bruken av språket. Det er framleis meir enn 11 % nynorskelevar i grunnskulen, og hjå dei som vaks opp før 2000-talet var talet langt høgare. Det er framleis mellom 10 % og 15 % nynorskbrukarar i Noreg. Eit anna spørsmål er jo kor mange som brukar nynorsk som eit andrespråk, på jobb eller i andre samanhengar.
For i Noreg har vi ei fantastisk ordning i skulen som vi kallar for sidemål, som gjer at nesten absolutt alle i Noreg får lære både nynorsk og bokmål. Det gjer oss rikare som språkfellesskap, og det gjer også at nynorsk er eit veldig sterkt og levande språk, sjølv om det er det minst brukte av dei to norske språka.
Kombinert med at nynorsk har ein svært rik og robust skriftkultur, representert av populære forfattarar som Jon Fosse, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Carl Frode Tiller, populære artistar som til dømes Odd Nordstoga, kjende journalistar, politikarar og mange andre stemmer i det offentlege som brukar språket kvar dag, gjer dette at dei aller fleste i Noreg har eit forhold til nynorsk og møter det nesten kvar dag. Nynorsk har solide teater, drøssevis med aviser, fleire museum og andre institusjonar som presenterer solide produkt med nynorsk språkdrakt i heile Noreg.
I tillegg er jo Ivar Aasen ein så viktig person for norsk historie at alle får lære om han på skulen.
Dette gjer nynorsk til eit sterkt, institusjonalisert og livskraftig språk som vil halde fram å leve godt i lang tid, sjølv om einskilde aktørar som Rønshof ikkje vil nynorskbrukarane vel.
Det er praktisk å ha eit lingua franca som engelsk, men sjølv om fleire på kontinentet kan engelsk i dag er det ikkje slik at der ikkje er eit mangfald av språk i andre land. I så godt som alle land i Europa er der fleire aktive språk og folk som kjempar for å bevare sin kulturarv og identitet knytt til språket, anten det er katalansk, oksitansk, frisisk eller walisisk.
Det er fint å ha høve til å forstå kvarandre gjennom engelsk, men i eit tid der mangfald og demokrati blir truga frå både aust og vest burde vi løfte fram og feire mangfaldet og særpreget, ikkje vere fatalistiske og kjedelege. Det norske språkmangfaldet gjer oss rikare og slik vil det heldigvis vere lenge. At René Rønshof vil gjere oss fattigare får vere hans problem.