Jan Ove Ulstein er fødd i Ulsteinvik og busett i Volda. Ulstein har skrive mange barnebøker, romanar, diktsamlingar og salmar. Han debuterte med dikt, viser og salmar i Slag på berget i 1975, og i 2014 kom den 12. diktsamlinga (det er her det flør). Dette er utvalde tekstar frå dei første fem diktsamlingane i 1975-85. Den første romanen, Satyr i katedralen, blei gitt ut i 1997, og her stiller Ulstein religiøse og filosofiske spørsmål.
Både som forfattar og teolog arbeider han med forholdet mellom kyrkje og samfunn. Ulstein driv Ura forlag (skipa i 2008), som gir ut mange av bøkene hans. Han har omsett fem av salmane i Salmer (1997) til nynorsk, og skrive éin salme og omsett tre til nynorsk i Norsk salmebok (2013). Ulstein var ein av stilistane for nynorsk for den nye utgåva av Bibelen som kom i 2011.
Ulstein har skrive og fått oppført fleire musikkspel i samarbeid med komponistar, mellom anna syngjespelet Høyr kor kyrkjeklokka lokkar (2014), komponert av Marie Austrheim Riise.
Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.