Stader for skrift 2020

Knut Ødegård

Molde

Knut Ødegård er fødd i Molde, og han bur i Molde og i Reykjavik på Island. Han er forfattar av meir enn 40 bøker, kulturformidlar mellom Noreg og Island og forkjempar for menneskerettane. 

Ødegård debuterte i 1967 med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda. Han skriv innanfor ei tradisjonell realistisk form med eit klangfullt språk. Han har skrive bøker for barn og unge, skodespel, romanar og dokumentarar. Dessutan har han omsett og gjendikta tyske, norrøne, færøyske og islandske tekstar mellom anna av Friedrich Schiller, Einar Már Guðmundsson og Jóhann Hjálmarsson. 

Knut Ødegård har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Bastian-prisen (1984), Anders Jahres kulturpris (2001), Møre og Romsdal fylkes kulturpris (2009) og Doblougprisen (2011). I 2015 vart han som den første nynorskbrukaren vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.  

Ødegård tok initiativ til å starte Bjørnsonsfestivalen i Molde, der han var president i 1992–2002 og seinare æresmedlem. Han grunnla Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet i 2003 og var president der i 2003–14.  

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no. 

Film av Blåst Film

Podkast med Bjørn Vatne og Knut Ødegård

Portrett av Fotograf Ma

Bilete av Knut Ødegård
Bilete av Knut Ødegård
Bilete av Knut Ødegård

Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt. 

fotografma.no



Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift. 



Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat  (2017) og Havets sølv  (2016). 

 

blaastfilm.no

Portrettbilde av Knut Ødegård

Knut Ødegård

Knut Ødegård er forfattar av meir enn 40 bøker. Han skriv innanfor ei tradisjonell realistisk form med eit klangfullt språkHan har skrive bøker for barn og unge, skodespel, romanar og dokumentarar.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre