Stader for skrift 2020

Marit Kaldhol

Ålesund

Forfattar Marit Kaldhol er fødd i Ålesund og bur same stadenSærmerket hennar er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. 

Skrivestilen til Kaldhol er enkel og direkte, med korte og greie hovudsetningar. Oppattakingar, ordspel og rytme manar fram det mystiske og usagde og gir mange meiningslag. 

Heilt frå debuten med diktsamlingaLattermilde laken(1983) har forfattaren veksla mellom reine poetiske tekstar og prosatekstar. Også i prosatekstane for vaksne, som bokaMaria(1985) ogi huda er gud ein munn(1997), som forfattaren sjølv kallar poesiromanar, er skrivestilen oppattakande, intens og tett. Med knapp ordbruk og få stilgrep skaper Marit Kaldhol presise og tydelege, og samtidig dunkle og burleske, tekstar. 

Barneboka Farvel, Rune(1986) har oppnådd fleire internasjonale barnebokprisar. I 2001 fekk ho Samlagsprisen. Kaldhol fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Kino (2006) og for Søkeord: ayotzintli (2010), og Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for boka Zweet. I 2019 blei Søkeord: ayotzintli kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. 

Kaldhol var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983 og var leiar av laget i fleire år. I Det litterære rådet i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere var ho nestleiar i 2001–2003 og leiar i 2003–2005. 

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Sigrid bø Grønstøl. Les meir på allkunne.no.

Film av Blåst Film

Podkast med Bjørn Vatne og Marit Kaldhol

Portrett av Fotograf Ma

Bilete av Marit Kaldhol
Bilete av Marit Kaldhol
Bilete av Marit Kaldhol

Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt. 

fotografma.no



Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift. 



Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat  (2017) og Havets sølv  (2016). 

 

blaastfilm.no

Bilete av Marit Kaldhol

Marit Kaldhol

Marit Kaldhol er ein forfattar frå Ålesund. Særmerket hennar er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. 

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre