Hopp til hovudinnhald

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk forum. – Det er svært gledeleg at dei raudgrøne partia ynskjer å få til eit nynorskløft i neste års budsjett, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær i samarbeidsorganet.

  • Olav Øyehaug Opsvik smiler mot kamera med bokhylle som bakgrunn.
    Direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug Opsvik. Nynorsk kultursentrum

Alle partia på raudgrøn side har lagt fram sine alternative budsjett og alle føreslår auka støtte til fleire nynorsktiltak. Forslaga vil vere viktige i dei komande forhandlingane med Arbeiderpartiet om det endelege statsbudsjettet.

Senterpartiet skriv i sitt alternative statsbudsjett: «Eit nynorskløft skal sikre at nynorsk språk og kultur får vekse og vere synleg i heile landet. Nynorsken er eit symbol på mangfald og sjølvråderett – og ein nøkkel til å forstå oss sjølve som nasjon.»

– Det er stort behov for eit nynorsk kulturløft, og Nynorsk forum har spelt inn ei omfattande liste over tiltak til familie- og kulturkomiteen, med forslag som vil styrkje kåra for nynorsken og nynorskbrukarane i Noreg. Denne lista har dei raudgrøne tydelegvis merka seg, seier Opsvik.

Senterpartiet vil auka støtta med: 
1 million til Det Norske Samlaget
1 million til Det Vestnorske Teatret
1 million til Noregs Mållag
1 million til Nynorsk kultursentrum
1 million til Teater Vestland
1,5 million til Jakob Sande – senter for forteljarkunst
1 million til tilskotsordningar for digitale læremiddel på nynorsk

Sosialistisk Venstreparti vil auka støtte med:
1 million til Noregs Mållag
1 million til Nynorsk kultursentrum
950.000 til Nynorsk bedriftsforum
3 millionar til Teater Vestland

Raudt vil auka støtta med:
5 millionar til Det Norske Samlaget til utvikling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur
1 million til Noregs Mållag

Miljøpartiet Dei Grøne vil auka støtta med:
10 millionar til å fremje nynorsk og dialekt i vaksenopplæringa for innvandrarar
10 millionar til Det Norske Teatret
3 millionar til Det Vestnorske Teatret
3,5 millionar til Det Norske Samlaget
1 million til Noregs Mållag

MDG skriv også i sitt alternative statsbudsjett: «Norge har også to offisielle skriftspråk, institusjoner og organisasjoner som jobber for en reell likestilling mellom nynorsk og bokmål må styrkes».

Les meir om Nynorsk forum her.