Sterke forteljingar og kulturopplevingar på Festspela

Bilete av Ine Hoem og Edvard Hoem heldt ein stemningsfull og festleg opningskonsert for Festspela 2022
Ine Hoem og Edvard Hoem heldt ein stemningsfull og festleg opningskonsert. Foto: Jørn Loset

­­Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og lærerikt program under Festspela 2022. – Det har vore fantastisk å på nytt fylle uteamfiet. Vi er imponerte over publikum som ber om ekstranummer mellom regnbyene. Det har vore ei stor glede å få besøk av sterke forfattarar og dyktige kunstnarar i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik i Aasentunet.

Over 3000 gjestar har vore innom festivalen. Billettsalet på om lag 320 000 er under budsjett, men arrangøren er godt nøgd med omsyn til korleis tendensen er i kulturlivet elles etter pandemien, og økonomien er i balanse.

Oppgjer som raud tråd
Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag, innleia Festspela 2022 med ein tale om oppgjer, eit tema som gjekk som ein raud tråd gjennom årets festspelprogram. Kulturrådsleiar Sigmund Løvåsen avslutta festivalen med ein stemnetale om korleis språket kan vere både eit uttrykk for kjærleik og fiendskap. 

– Inspirert av forfattarskapen til festspeldiktar Aina Basso tenkte vi på eit oppgjer med majoriteten og vår behandling av minoritetsstemmer då vi laga årets program, fortel arenaleiar Olav Opsvik og viser til programpostar som samtalen med medlemmar frå Sannhets- og forsoningskommisjonen og vitjing frå Samlaget og Minotenk sin forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring, fortel arenaleiar i Aasentunet, Olav Øyehaug Opsvik.

– Vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå gjestane våre. Dei har fått oppleve både morosame, tankevekkande og utfordrande programpostar og store musikalske opplevingar med både pop-, jazz-, vise- og folkemusikk, seier Opsvik.

Bilete av Eva Weel Skram spelte for eit fullsett uteamfi i Aasentunet under Festspela 2022
Eva Weel Skram spelte for eit fullsett uteamfi, laurdag kveld, under Festspela. Foto: Nynorsk kultursentrum

Det er forfattarane sjølve som les
Litteraturen har fått skine for seg sjølv i reine høgtlesingsprogram med forfattarane.
– Desse stundene der mellom anna forfattarane Brynjulf Jung Tjønn, Aina Basso og Inger Bråtveit las frå eigne bøker blei veldig godt teke i mot, fortel Opsvik.

Festspeldiktar Aina Basso har mellom anna delteke i samtalar om forfattarskapen sin, lesing med musikk i uteamfiet og på Tredet i Volda, og i ein samtale om hennar siste bok, Dei dødsdømde.

– Det som har vore mest spennande med å vere festspeldiktar, er sjansen ein får til å vise fram breidda i eigen forfattarskap, seier Basso. Ho trekkjer også fram samarbeid med musikarar som ei særleg god oppleving.

– For meg var det eit høgdepunkt å få lese til Trygve Seim og Frode Haltli sin musikk. Dette var veldig spesielt og fint, og eg set stor pris på det unike høvet Festspela har gitt til å skape slike opplevingar, seier ho.

Bilete av Aina Basso las høgt frå den siste boka si Heksejakt for barneskuleelevar frå Ørsta og Volda under Festspela 2022
Aina Basso las høgt frå den siste boka si Heksejakt for barneskuleelevar frå Ørsta og Volda. Foto: Nynorsk kultursentrum

Barnebokforfattar er festspeldiktar i 2023
No ser Festspela fram til ny festival 8.-11. juni 2023 med barnebokforfattar Kari Stai som festspeldiktar.

Kari Stai er forfattar og illustratør med eit fargerikt, særmerkt og stilisert formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk og er mest kjend for barnebøkene om dei to gode vennane Jakob og Neikob, som seier høvesvis ja og nei. For Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, vann Stai både Kritikarprisen og Brageprisen i 2012.

Bilete av Arenaleiar ved Aasentunet Olav Oyehaug Opsvik
Arenaleiar ved Aasentunet Olav Oyehaug Opsvik. Foto: Nynorsk kultursentrum