Ledige stillingar

Er du vår neste medarbeidar?

Her finn du eit oversyn over ledige stillingar i Nynorsk kultursentrum.

Konservator/førstekonservator, Ørsta Fast 100 % stilling

Har du hovudfag, mastergrad eller doktorgrad i journalistikk, medievitskap, historie eller litteratur? Vil du forske og formidle fag på heiltid? Nynorsk kultursentrum styrkjer det kulturfaglege arbeidet vårt og lyser ut ei ny stilling som forskar med formidlingsansvar. Arbeidsstad er Ivar Aasen-tunet i Ørsta, nært medie- og språkmiljøet ved Høgskulen i Volda.

Les meir
Digitalformidlar, Vinje Fast 100 % stilling

Vil du bruke det du kan om mediedesign, video og lyd? Har du hjarte for digital formidling? Vi har ledig stilling som digitalformidlar i Vinje.

Les meir
Utstillingsansvarleg, Vinje Fast 100 % stilling

Har du lyst til å lage utstillingar folk hugsar og snakkar om? Vil du bruke det du kan om formidling til å auke interesse og engasjement for dikting og journalistikk? Vi søkjer deg som vil utvikle nyskapande nasjonale vandreutstillingar og formidlingsopplegg for Nynorsk kultursentrum.

Les meir