Har du lyst til å forske på journalistikk?

Konservator/førstekonservator

Har du hovudfag, mastergrad eller doktorgrad i journalistikk, medievitskap, historie eller litteratur? Vil du forske og formidle fag på heiltid? Nynorsk kultursentrum styrkjer det kulturfaglege arbeidet vårt og lyser ut ei ny stilling som forskar med formidlingsansvar. Arbeidsstad er Ivar Aasen-tunet i Ørsta, nært medie- og språkmiljøet ved Høgskulen i Volda.

Vi ser etter ein som er nysgjerrig på innhaldet i journalistikken, vil undersøkje samfunnsrolla til media og vere med på å formidle forskinga gjennom vitskaplege artiklar, utstillingar, digitale tenester og arrangement. Den vi tilset bidreg aktivt med å styrkje både forskinga og formidlinga ved institusjonen.

Forskinga i Nynorsk kultursentrum tek utgangspunkt i nynorsk språk og litteratur, samlingane våre og dei emna og temaa vi formidlar. Det er stort rom for å finne relevante og interessante forskingsprosjekt innafor desse rammene. Den som får stillinga byggjer sjølve relevante nettverk og samarbeid for vidare kunnskapsutvikling. Det er sett av tid til eiga forsking i stillinga.

I 2021 opnar vi utstillinga «Forteljarar og forteljingar. Ei utstilling om dikting og journalistikk» ved Vinje-senteret i Telemark. Den som får stillinga får brukt det den kan om journalistikk, samfunnsrolle, medievitskap og formidling i sine bidrag til denne utstillinga. Stillinga vil ha ansvar for innhaldsutvikling for denne og andre større og mindre utstillingar og formidlingsopplegg.

Dersom den som blir tilsett er interessert og har kompetanse til det, kan stillinga bli tillagt ansvar for å rettleie andre tilsette som driv med vitskapleg arbeid.

Gjennom samarbeidet vårt med Høgskulen i Volda kan den som får stillinga delta i forskingsgrupper ved høgskulen, og vi legg også til rette for samarbeid med andre relevante forskingsinstitusjonar.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Stiftinga driv også tre festivalar, det digitale oppslagsverket Allkunne og seks skuleturnéproduksjonar.

Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser og helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. april 2020 og har kontorstad i Ørsta kommune. Fleire opplysingar får du hos dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet Tone Slenes, 915 18 822.

Grip sjansen. Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast måndag 27. januar 2020 til post@nynorsk.no.

Fagområde:

Forsking, samling og dokumentasjon

Arbeidsstad:

Ivar Aasen-tunet, Ørsta

Tittel:

Konservator/ førstekonservator

Utdanning:

Doktorgrad, mastergrad eller hovudfag

Søknadsfrist:

27. januar 2020

Oppstart:

1. april 2020 eller etter avtale.

Stillingstype:

Fast stilling, 100 %