Hopp til hovudinnhald

Store forteljingar for små øyre

I tusenvis av år har barn høyrt vaksne fortelje til dei. I nokre hundre år er dei også blitt lesne for.

  • Plansje med tittelen Parr, portrett av Maria Parr og tekstbitar
    1/1
    Plansje frå utstillinga

For godt over 200 år sidan blei det vanleg at barn kunne lese sjølve. Då hadde dei lite anna å lese enn religiøse forteljingar og bodord. På dansk. Bøker og tekstar skrivne for barn blei først vanleg på 1900-talet.

Lenge var det helst menn som skreiv, men frå 1970-åra har barneboka også vore ei kvinnesak. Først då kom også barnebøker på nynorsk i all si breidd. I dag er kvar åttande nye barnebok i biblioteka på nynorsk. Den forteljinga tek til for over hundre år sidan, på gardane Løland i Ryfylke og Sivle på Vossestrand.

Utstillinga er laga i samarbeid med Ryfylkemuseet og Asker Museum, som begge laga si eiga utstilling om Rasmus Løland i 2007.

Utstillinga har fått tilskot frå Fritt Ord, Norsk kulturråd, og Rasmus Løland-markeringa 2007-2011.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (1 stk)

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2