Hopp til hovudinnhald

Tenk om eg var ein tanke

  • to personar sit på kvar sin stol, ein med gitar og den andre med fiolin
    1/1
    Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones Ingvil Skeie Ljones
MålgruppeVarigheitAntal utøvararMaks elevar per arrangement
1.–4. trinn35 minutt250

Omtale

I framsyninga Tenk om eg var ein tanke får elevar i 1. til 4. klasse vere med på ei underfundig reise inn i lyrikkverda. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Då musikar Annlaug Børsheim fann diktboka Når morgonfrosken syng i postkassen, var det som om dikta tok til å syngje til henne, og melodiar dukka opp i hovudet hennar. I framsyninga får elevane møte tekstane både som dikt og som songar. Framsyninga gir rom for undring og ettertanke, gir elevane på leikent vis kjennskap til lyrikk som sjanger og er eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på Når morgonfrosken syng, ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men også nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reisa inn i diktverda til Kaldestad. Kva er eit dikt, og kva skjer med diktet når det kjem ut frå boka og blir ein song? Endrar diktet seg? Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.

Nyttig informasjon

Varigheit

35 minutt

Tid opprigg

20 minutt

Tid nedrigg

10 minutt

Arena/rom

Klasserom, auditorium, anna

Antal utøvarar

2

Treng scene

Nei

Treng blending

Nei

Treng el-uttak

Nei

Ynskjer til lokal arena

Framsyninga høver best i ein intim setting som eit stort klasserom eller skulebibliotek. Utøvarane ser for seg at elevane sit i halvsirkel rundt dei, tett på. Utøvarar og elevar på same nivå, og dei treng ca. 4m2 til seg og instrumenta. Utøvarane treng ca. 20 minutt på førehand til klargjering av lokale og stemming av instrument. Framsyninga er akustisk, så det er ikkje behov for el-uttak.

For- og etterarbeid
Nei

Spørsmål og tinging
Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning. 

Utøvarar og produsentar

Utøvarar

Annlaug Børsheim er født og oppvaksen i Ulvik, no busett i Bergen. Ho er utdanna folkemusikar ved Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Den allsidige multiinstrumentalisten skriv både eigen musikk og tekst og jobbar innan eit vidt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk. Tonesetjinane hennar til "Når Morgonfrosken Syng" av Per Olav Kaldestad har resultert i DKS-produksjonen "Tenk om eg var ein tanke" og albumutgjeving saman med trioen Morgonfrosken. Saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre har ho laga teaterserien "Alle har en liten dør bak øret", basert på nyare norsk poesi for born. I samarbeid med Rannveig Djønne og Ruth Lillegraven laga ho bestillingsverket "HUSMANN" som vart framført i Ulvik sommaren 2019. Annlaug spelar fast i Frode Grytten Beat Band. 

Mari Skeie Ljones er spelemann frå Lillehammer med utdanning frå Noregs Musikkhøgskule. I dag er ho frilans musikar med base i Oslo. Ho driv folkemusikkpoesi-prosjektet Spring du fela, spelar folkemusikk frå Lillehammer med Svartevja, country med Janne Hea og barnemusikk med Morgonfrosken. Mari er fele- og hardingfelelærar i Oslo kulturskole og Unge folkemusikere i Oslo, og har erfaring frå å spele skulekonsertar i Niteroi (Brasil), Rogaland, Oppland, Murmansk (Russland), Hedmark, Vest-Agder og Nordland. Ho har gitt ut plater med blant anna Ensemble 96, Oslo Ess og Gudbrandsdølenes spelmannslag.

Produsent

Om Nynorsk kultursentrum: Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.

Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.

Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.

  • to personar sit på kvar sin stol, ein med gitar og den andre med fiolin
    1/1
    Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones Ingvil Skeie Ljones