Hopp til hovudinnhald

​​Tre sterke forfattarrøyster på haustprogrammet til Litteraturhus i Møre og Romsdal​

Litteraturhus i Møre og Romsdal inviterer til ein haust full av litterære høgdepunkt. På programmet står tre markante forfattarar: Randi Fuglehaug, Tore Renberg og Oddgeir Bruaset. Dei kjem med historier som rører, underheld og gjer inntrykk. Alle arrangementa er gratis og opne for alle.

  • Bilde av Randi Fuglehaug
    1/1
    Randi Fuglehaug. Agnete Brun / Samlaget

Først ut er Randi Fuglehaug, som møter forfattarkollega Ann Helen Kolås Ingebrigtsen til samtale om den ferske romanen Pent porselen. Boka utforskar kva det vil seie å vere lykkeleg åleine – eller einsam saman med andre. Fuglehaug er frå før kjend for dei populære krimbøkene om Agnes Tveit og ungdomsserien Halve kongeriket, som Netflix har filmatisert under tittelen Royalteen. Ingebrigtsen har markert seg som ei viktig nynorsk stemme i samtidslitteraturen, med nære og ærlege bøker om oppvekst, relasjonar og identitet. 
 
Seinare i haust kjem Tore Renberg. Han vil snakke om nynorskromanane Lorden, Tollak til Ingeborg og Du er så lys. Renberg er ein av landets mest folkekjære forfattarar, kjend både for gjennombrotsromanen Mannen som elsket Yngve, Teksas-serien og ei rekkje enkeltromanar. Under turneen legg han òg inn fleire skulebesøk. 
 
Sesongen blir avrunda med Oddgeir Bruaset, som presenterer boka Vegen som vart min. Her deler han personlege minne frå oppveksten i Bygde-Noreg og frå arbeidet med dei mange livshistoriene i den folkekjære tv-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Boka byr på refleksjonar og inspirerande forteljingar frå eit levd liv. 
 
Haustprogrammet tjuvstarta allereie tidlegare i september, då neste års festspeldiktar til Festspela, Brynjulf Jung Tjønn, møtte Hilde Myklebust til samtale. Tjønn har fått stor merksemd for Kvit, norsk mann og Norsk kjærleik, og Myklebust er aktuell med Kvit stig morgon skir. I tillegg har både Tjønn og Marthe Bø vore på turné med skulebesøk. Bø debuterte i 2024 med barneboka Ni løgner og jakta på eit smil

Litteraturhus i Møre og Romsdal er ei litteratursatsing i heile fylket med om lag 120 gratisarrangement kvart år. Rundt 6000 deltakarar får årleg oppleve forfattarsamtalar, bokbad og litteraturmøte – heilt gratis, på sine lokale bibliotek. Nynorsk kultursentrum koordinerer tilbodet på Sunnmøre, medan Bjørnsonfestivalen har ansvaret på Nordmøre og i Romsdal. Satsinga starta i 2020 og fekk frå 2024 fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, i tillegg til bidrag frå kommunane, Sparebank1 Nordmøre, Fritt Ord, Kulturrådet og Human-Etisk Forbund.

Programoversyn:  

Veke 42 
Randi Fuglehaug i samtale med Ann Helen Kolås Ingebrigtsen – Pent porselen 
Måndag 13.10. Sjøholt bibliotek kl. 19.00 
Tysdag 14.10. Sula bibliotek kl. 19.00  
Onsdag 15.10. Ørsta folkebibliotek kl. 19.00 
Torsdag 16.10. Giske folkebibliotek kl. 18.00  

Veke 47 
Forfattarmøte: Tore Renberg – Nynorsktrilogien 
Måndag 17.11. Giske folkebibliotek kl. 18.00 
Tysdag 18.11. Storfjord kulturhus kl. 19.00  
Onsdag 19.11. Herøy folkebibliotek kl. 19.00 
Torsdag 20.11. Hareid folkebibliotek kl. 16.00 
Torsdag 20.11. Ørsta folkebibliotek kl. 19.00  

Veke 48 og veke 50 
Forfattarmøte: Oddgeir Bruaset – Vegen som vart min  
Måndag 24.11. Fjord bibliotek - Valldal kl. 15.00 
Måndag 24.11. Storfjord kulturhus kl. 19.00 
Tysdag 25.11. Sykkylven bibliotek kl. 19.00  
Onsdag 26.11. Volda filmteater kl. 19.00 
Torsdag 8.12. Ulstein bibliotek kl. 19.00 

 

  • Bilde av Oddgeir Bruaset
    1/1
    Oddgeir Bruaset. Sara Sanderud
  • Bilde av Tore Renberg
    1/1
    Tore Renberg. Marie von Krogh
Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2