Framlegg til satsbudsjett 2022: 

Treng meir for å følgje opp språklova

Regjeringa gir tilskot til ein nynorsk forfattarskule for etniske minoritetar, og til framleis arbeid med automatisert omsetjing frå bokmål til nynorsk. – Likevel blir satsinga på det språklege mangfaldet for svak, og den nye regjeringa har sjansen til å få til løftet som trengst for at den nye språklova skal lykkast, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Det Norske Samlaget og Minotenk får 1,2 millionar til ein forfattarskule for etniske minoritetar. Dette er eit veldig godt prosjekt som vil bidra til at den nynorske litteraturen blir meir mangfaldig og vise fleire sider ved den norske samtida.

Halvvegs språksatsing

Regjeringa legg opp til ulike språksatsingar for å følgje opp den nye språklova. – Det er positivt at Språkrådet har fått midlar konkret til å følgje opp ambisjonane i språklova, men 500 000 er langt ifrå den auka på 12 millionar Språkrådet søkte om, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum, som også er nestleiar i styret i Språkrådet.

I den nye språklova er det slått fast som eit prinsipp at det offentlege skal fremje nynorsk, sidan det er det minst brukte skriftspråket. Det inneber at nynorsk skal tematiserast i alle satsingar og tiltak som gjeld norsk språk. – Det er uheldig at regjeringa ved fleire høve let vere å nemne nynorsk i satsingar som læremiddel for høgare utdanning og digitaliseringa i skulen, seier Lodve Solholm.

Det er bra at ein arbeider målretta med nynorsk og samiske tilbod i Den kulturelle skulesekken, men her er mykje meir å gå på. Det er viktig at ei ny regjering følgjer opp dette arbeidet og styrkjer satsinga for å oppnå tydelege resultat.

Ikkje i mål med heilårsdrift av Vinjesenteret

Nynorsk kultursentrum får ført vidare støtta frå 2020, delvis kompensert for løns- og prisvekst. Dersom Stortinget følgjer regjeringa, får Nynorsk kultursentrum eit tilskot på 23,4 millionar i 2022. – Vi er ikkje i mål med å finansiere formidling og heilårsdrift av Vinjesenteret med dette. Det er også viktig å styrkje språkarbeidet i randsonene for nynorsken. Dette bør den påtroppande regjeringa følgje opp, seier Lodve Solholm.