- 1/1
Sekretær for Nynorsk forum Olav Øyehaug Opsvik. Nynorsk kultursentrum
Noregs Mållag fekk ein million ekstra i statsbudsjettet for 2026, etter gjennomslag i budsjettforhandlingane på Stortinget. I budsjettframlegget til regjeringa for 2027 er tilskotet til Mållaget kutta med 775 000 kr. Justert for den generelle auken i statsbudsjettet på om lag 2,9% er dette i praksis ei fullstendig reversering av auken som kom i år.
– Auken til Noregs Mållag var godt grunngitt. Organisasjonen har hatt nye medlemsrekordar år etter år og gjer ein avgjerande jobb for nynorsken i heile Noreg. Regjeringa skriv fleire gonger i budsjettframlegget at reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk er viktig. Dette kuttet er direkte i strid med det, seier sekretær for Nynorsk forum, Olav Øyehaug Opsvik.
23,5 millionar til Det Norske Teatret
Det Norske Teatret frå 23,5 millionar til første fase av rehabilitering av bygget gjennom ordninga for nasjonale kulturbygg.
– Teatret har store behov, så det er veldig bra at regjeringa prioriterer dette. Det norske teatret er nynorsken si storstove i hovudstaden, og vi kjem til stå på for at dei neste stega i rehabiliteringa blir prioritert også i åra framover, seier Opsvik.
Nynorsk forum hadde mange andre innspel til statsbudsjettet, også til Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Ingen av desse har kome med i regjeringa sitt framlegg
– No blir det hardt arbeid i dialog med budsjettpartnarane på stortinget. Vi fekk tydelege gjennomslag i førre omgang, og eg har trua på at vi skal få det i år også, seier Opsvik.
Redningsaksjon for Vesle norske leksikon
Nynorsk kultursentrum ser sekretariat for Nynorsk forum. I tillegg er stiftinga ein samarbeidspartner med Store norske leksikon. Leksikonet har ikkje fått tilskot til tiltaket Vesle norske leksikon og må no starte ein redningsaksjon for å halde det i live. Nynorsk kultursentrum har støtta redningsaksjonen.
– Vesle norske leksikon er eit avgjerande verktøy for både demokratisering av kvalitetssikra kunnskap og for ein likestilt språkkvardag. Leksikonet viser at tydelege og klarspråklege tekstar om elles kompliserte tema kan skrivast like godt på nynorsk som på bokmål, og at desse kan leve side om side i eitt og same verk, heiter det i støtterklæringa frå Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum er sekretariat for Nynorsk forum. Les meir om Nynorsk forum her.