Ukrainsk historie og forholdet til Russland

Det er vanleg for nasjonar å skriva si eiga historie langt tilbake i tid. Både Ukraina og Russland gjer det, og i desse historiene er opphavet det same – det såkalla Kyiv- eller Kiev-riket. Ein reknar at dette riket oppstod på 800-talet. I kjeldene er det omtalt som Rus’ (Русь), dette er også namnet på fyrstane som hadde makta. Nasjonalhistorier som skaper samband med ei fjern fortid får lett ei mytisk side. I realiteten er historia mykje mindre rettlinja, og dette er tydeleg i konflikten om den russiske og den ukrainske historia.

Frå russisk side, ikkje minst frå presidenten Vladimir Putin, har vi lenge fått høyra at Ukraina eigentleg ikkje er noko eige land, har ingen skikkeleg statstradisjon, kan berre vera uavhengig dersom det vender seg mot Russland. Elles blir det arena for vestlege komplott. I tillegg, hevdar Putin igjen og igjen, er Ukraina noko som er skapt av russarar, og då særleg av Lenin. Hos Putin har ukrainarar ingen eigen agenda, vilje, subjektivitet. Han påstår at landet eigentleg er Russland.

Ofte er det slik med propaganda – og særleg den som slår gjennom – at den tek utgangspunkt i ein flik av sanninga og gjer denne fliken til den fulle og heile sanninga. Det er nemleg ikkje kontroversielt å hevda at det moderne Ukraina er djupt prega av det sovjetiske prosjektet, i form av institusjonar, næringsliv, grenser, kollektive minne – og såleis eit nært samvirke med Russland. Men dette er ikkje heile sanninga om Ukraina.

Nasjonen Ukraina
På 1200-talet blei Kyiv-riket splitta opp. Dei austlege delane kom under mongolsk overherredøme og er utgangspunktet for Russland. Dei vestlege kom under Polen og det er dette som blir Ukraina. Av desse var det Russland som blei eit imperium, etter at moskovittane utover på 1400-talet frigjorde seg frå «mongolåket». På midten av 1600-talet byrja ekspansjonen vestover. Denne innlemminga av ukrainsk land har blitt legitimert som ei «gjenforeining». Men heilt sidan seinmellomalderen har moskovittar hevda eigarskap til Kyiv, sjølv om byen lenge var styrt av andre.

Eit meir relevant perspektiv på ukrainsk historie er å sjå den ukrainske nasjonen som noko som oppstår på 1800-talet. Dette inneber at Ukraina er ein typisk europeisk nasjonalstat, eit typisk europeisk land. Førestillinga om Ukraina blir skapt av ukrainske intellektuelle på 1800-talet innanfor eit imperium, eller eigentleg to – Det russiske og det habsburgske (Austerike-Ungarn). 1800-talet er nasjonalideens tidsalder, og Ukraina er eit godt døme på nasjonar skapte innanfor dei gamle stormaktene.

Innanfor eit slikt perspektiv har Ukraina mykje til felles med skandinaviske nasjonar som Noreg og Finland, og sentraleuropeiske som Tsjekkia. I alle desse tilfella blir førestillinga om ein nasjon skapt aktivt av dei som var for eit slik bilete av eit land. Nasjonalismeforsking har trena oss til å ha eit kritisk blikk på dette. Samstundes fortel eit samanliknande blikk oss at det er ikkje noko meir kunstig med Ukraina enn med andre europeiske nasjonar og etter kvart statar.

Ukrainsk nasjonalisme blei på 1800-talet oppfatta som eit trugsmål av russiske styresmakter og forsvararane deira. Sett frå det sentrale Russland var Ukraina, eller «veslerussarar» som dei gjerne blei kalla, ein del av den same «allrussiske» nasjonen, saman med «storrussarar» og kviterussarar. Ukrainsk nasjonalisme møtte fleire restriksjonar enn nokon annan nasjonalisme i Det russiske imperiet før 1917.

Den ukrainske sovjetrepublikken
Etter den første verdskrigen var imperiets tidsalder over – i alle fall i Europa. I staden får ein sjølvstendige nasjonalstatar. Det er likevel eitt unntak, og det er Det russiske imperiet. Også dette går i oppløysing mot slutten av første verdskrigen, og ei rekkje nasjonar erklærer seg sjølvstendige – inkludert Ukraina. Nokre nasjonar blir også verande sjølvstendige, som Finland og dei tre baltiske statane. Men i Russland blir det revolusjon, og av den oppstår Unionen av sosialistiske sovjetrepublikkar, betre kjend som Sovjetunionen. Ein av desse sovjetrepublikkane er Ukraina.

Dei sosialistiske sovjetrepublikkane var ikkje sjølvstendige statar, men dei hadde ein del trekk som gjorde at dei liknar. Dei hadde eigne institusjonar, eige språk og lokal leiarskap. Sidan gjekk det i bølger kor stor grad av sjølvstyre og sjølvstende sovjetrepublikkane hadde. Tida under Stalin gjekk hardt utover Ukraina på mange måtar. Russifiseringa kulturelt og språkleg var sterk gjennom resten av Sovjetperioden.

Likevel – ei ukrainsk nasjonsbygging hadde halde fram, og den ukrainske sovjetrepublikken var ramma for det Ukraina som på slutten av 1991 røysta for sjølvstende. Over 90% av folket var for dette. Ukraina blir anerkjent internasjonalt – også av Russland, framfor alt i form av Budapestmemorandumet i 1994.

Eit russisk eller ukrainsk Ukraina?
Alt dette fortel oss at det er misvisande å seia at dette Ukraina er utelukkande skapt av russarar, eller eventuelt av vestlege intrigemakarar, men ikkje av ukrainarar sjølve. Det er feil å hevda at ukrainarar ikkje har vore dei sentrale aktørane i den moderne ukrainske nasjonsbygginga. Den ukrainske sovjetrepublikken var ikkje berre ein reiskap for revolusjonen, men også eit forsøk på å koma den ukrainske nasjonalismen i møte. Denne går som nemnt tilbake til 1800-talet, og ytra seg særleg kraftig i revolusjonsåra frå 1917 av. Bolsjevikane, som hadde teke makta sentralt i Russland i oktober 1917, innsåg at dei måtte spela på lag med han, av grunnar som var pragmatiske og taktiske, men ikkje berre. Nasjonstanken, altså trua på nasjonar er reelle og motiverande, sat djupt også hos Lenin og Stalin.

Etter borgarkrigen slutta ukrainske sosialistar – både bolsjevikar og andre grupper – jamt over opp om prosjektet. Bolsjevikane hadde også stor støtte mellom dei mange jødane i Ukraina, som opplevde stor forfølging og vald i desse åra. Men det var også utstrekt motstand. Det vi kjenner som den «russiske borgarkrigen», var særleg kompleks i Ukraina.

Ukraina er i høgste grad skapt av ukrainarar. Og nyare konfliktar med Russland – frå Oransjerevolusjonen i 2004 via Euromajdan-revolusjonen i 2014 til den russiske invasjonen i 2022 – har sveisa den ukrainske nasjonen endå meir saman. Samstundes viser krigen i 2022 at Russland ikkje har makta å skapa noka tilsvarande sunn fellesskapskjensle mellom sine eigne borgarar. Landet søker i staden ut i det som har vore imperiet for å visa kven dei er og stadfesta seg sjølv. Oppløysinga av Sovjetunionen blir i Russland dyrka som eit tap som må overvinnast, jamvel i form av å invadera eit naboland.

Kåre Johan Mjør. Foto: Niina Into, Helsingfors universitet
Foto: Niina Into, Helsingfors universitet

Kåre Johan Mjør er førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Han disputerte med doktoravhandlinga “Reformulating Russia: The cultural and intellectual historiography of Russian first-wave émigré writers” i 2009, og har sidan skrive fleire artiklar og bøker om Russland si historie.