Sidan 1961 har ungdommar og unge vaksne i Norsk Målungdom organisert, argumentert og demonstrert for nynorsk. Frå starten har dei påverka og endra norsk språkpolitikk.
I nettutstillinga Ungt språkengasjement fortel Nynorsk kultursentrum soga om Norsk Målungdom og brukar historia om organisasjonen som eit døme på korleis unge engasjerer seg. Nynorsk kultursentrum tek vare på mange gjenstandar, foto og andre minne frå Norsk Målungdom for framtida, og nokre av desse er brukte her.
I utstillinga kan du sjå eit utval gjenstandar frå kvart tiår saman med tre tekstar: om å vere ung det tiåret, om kva Norsk Målungdom arbeidde med då, og om ei spesielt viktig politisk sak. I utstillinga finn du også andre tekstar om tema som dekkjer fleire tiår.
Utstillinga er laga i samband med Norsk Målungdom sitt 60-årsjubileum i 2021 og Frivilligåret 2022.