Tilbake til alle utstillingane

Dølen sjølv – Aasmund Olavsson Vinje

I 1818 føddest mannen som seinare både skulle hamne på pengesetlar og som logo for ein rockefestival 35 mil unna fødestaden hans. 

Med sitat både fra sentrale verk fra diktaren sjølv, viktige avhandlingar frå vitarar og skråblikk frå kritikarar gjev utstillinga ein sitatrik introduksjon til Aasmund Olavsson Vinje som diktar, bladmann, språkmann og nasjonal talsmann.

Utstillinga består av 6 hengande plakatar i bjørkefinér (50cm x 120cm), som kan hengje både ute og inne.

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur. 

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

  • Dato:
  • Stad:Vinje-senteret
  • Kurator:Per Magnus Finnanger Sandsmark, Kristian W. Rantala og Siri Beate Gjerde
  • Samarbeidspartnarar:Aina Griffin (Formgjevar)