Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting

Kvifor er det viktig å kunne lese verdslitteraturen på sitt eige morsmål? Kvifor les vi ikkje engelske bøker på engelsk? Og tenkjer vi over alt arbeidet som ligg bak ei omsetjing av eit litterært verk?

Slike spørsmål blei stilte under arbeidet med temautstillinga Det usynlege språket. Omsetjing vedrører mange, men er lett å oversjå. Vi har prøvt å sjå saka både frå publikum, omsetjaren og forfattarens side – til vidare refleksjon og undring.

No som før lét vi utsegnene frå andre tale for seg. Gjennom eit utval av det vi meiner er råkande og skilsetjande sitat, dessutan viktige foto og illustrasjonar, vonar vi at omsetjargjerninga kjem fram i lyset på ein ny måte.

– Ein omsetjar kan ikkje berre setje om orda slik at lesaren forstår dei, sa Tove Bakke i eit intervju med Norsk Tidend i 2007. Fordi personane i så stor grad blir skildra gjennom det dei seier, må effekten av språket vere den same i den norske omsetjinga som i den franske, seier ho vidare. Det er denne brubygginga mellom kulturar vi no stiller ut.

Utstillinga blei opna torsdag 25. juni under Dei nynorske festspela 2009. Det var forlagsdirektør Tove Lie i Det Norske Samlaget som stod for opninga, medan festspeldiktar Tove Bakke kåserte om då ho skulle omsetje alle delane av ein kalv frå fransk til norsk. Tom Roger Aadland spelte ein av Dylan-songane han har omsett til nynorsk.

Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Ottar Grepstad

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no