Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik

Kva vil det seie å vere forelska? Og hugsar du korleis det var å vere ung og forelska?

Temautstillinga Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik tek for seg desse temaa. Ho blei laga til Dei nynorske festspela 2011, då Bjørn Sortland var festspeldiktar. Sortland har skrive mykje for ungdom, og er oppteken av det store K-ordet. Kjærleik var også tema for Festspela 2011.

Sitat frå utstillinga:

«Eg ser for meg korleis han brukar å gå opp trappa. Og så det eg likar aller best, augneblinken når han får auga på meg. Smilet som begynner forsiktig i eine munnviken, og det vesle nikket. I grunnen er det rart at me helsar på kvarandre, for eg har jo aldri snakka med han.»
Ingelin Røssland, Flyt, 2009

«Fingrane våre har funne kvarandre, hjertet mitt har flytta seg ut i venstre hand og ligg der og dunkar og skjelv.»

Linn T. Sunne, Blå blondine, 2008

Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Åshild Widerøe, Ottar Grepstad

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no