Kaffikoppens kulturelle kraft

Frå utstillinga Kaffikoppens kulturelle kraft

Kaffistovene gjorde den nynorske skriftkulturen synleg i bybiletet, og var ei nynorsk setelpresse som finansierte ei rekkje tiltak.

Den første kaffistova opna i Oslo i 1901. Kaffistovene gjorde den nynorske skriftkulturen synleg i bybiletet, og var ei nynorsk setelpresse som finansierte ei rekkje tiltak. Over 140 kaffistover har vore i drift over heile landet. I dag er ti kaffistover i drift.

Utstillinga er oppteken i veke:
Tilgjengeleg for utlån

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no