Kunsten i livet – Diktaren Jon Fosse

I 2009 vart det laga ei temautstilling til Jon Fosse-dagane i Strandebarm, då Fosse fylte 50 år. Denne utstillinga er på ny aktuell i samband med at Fosse vant Nobelprisen i litteratur i 2023.

Utstillinga heiter Kunsten i livet og er bygd opp kring sitat av forfattaren, portrett, biletkunst og foto frå oppsetjingar av teaterstykka hans i fleire verdsdelar.

Skulle bli journalist i lokalavis

Utstillinga dekkjer alle sjangrane Jon Fosse har brukt, frå dikt og prosa for vaksne til barnebøker, essay og teaterstykke. Sjølv set han størst pris på dikta sine. Nynorsken er svært viktig for Fosse. Eg kan finne på mykje galskap, men eg kan ikkje svikte nynorsken, har han sagt i fleire intervju.

Flyt og rytme er alt for meg, seier diktaren sjølv i utstillinga.

Ti år etter romandebuten tok Fosse til å skrive for teater også. ”Her opna det seg land i skrivinga som eg ikkje hadde visst om,” sa han i ein samtale med Cecilie N. Seiness under Dei nynorske festspela i sommar. Der fortalde han også at før han blei forfattar, hadde han sett for seg eit liv som journalist i ei lokalavis på Vestlandet.

Sjølvstendig debutant

Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Alt då hadde han eit sjølvstendig syn på kunst og litteratur som gjekk på tvers av det meste som då prega norsk samtidslitteratur.

Han slo først gjennom i Sverige. Mange norske lesarar og kritikarar var undrande og reserverte. Fosse burde ha følgt betre med i norsktimane, skreiv ei osloavis i meldinga av debutboka.

Utstillinga prøver å vise korleis forfattarskapen har utvikla seg frå Fosse var ein ukjend debutant til han no er blitt ein forfattar på verdsscena, fortel tidlegare dokumentasjonsleiar Anders Aanes og legg til at dette er ei lett tilgjengeleg utstilling om kunst og det å skape kunst.

Pris:
Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Eignar seg for:
Bibliotek, skular, bokhandlar, museum og kulturhus

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld 12 plansjar eller banner i storleik 50×50 cm, 4 banner i storleik 50×200 cm og ein rullebanner i storleik 86×200 cm.

Kontakt:
For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Produsert av

Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Ottar Grepstad