Mannen som kristna landsmålet

Nordlendingen Elias Blix (24.2.1836 – 17.1.1902) var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv ei forklaring til Luthers katekisme, dikta den norske fedrelandssongen og den nordnorske nasjonalsongen, og hadde mykje å seie for at Stortinget jamstelte det nye skriftspråket med det ”almindelige Bogsprog” i 1885.

Elias Blix tok mål av seg til å skape salmar til kvar einaste søndag i kyrkjeåret og på denne måten få til ei nynorsk salmebok. I alt skapte han over 200 salmar – 130 eigne, resten gjendiktingar. Mest alle salmane skreiv han til kjende melodiar for at dei skulle vere lette å syngje og lette å hugse. Slik blei han også den første bestseljaren på nynorsk. Då han døydde i 1902, var salmane hans spreidde i over 200 000 eksemplar.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no