Tilbake til alle utstillingane

Nynorsk vinyl. Songskatten i rillene

24 jan 2019 - 13 jun 2019

Musikk er ein effektiv veg inn til hjartet, og den nynorske songskattenhar vore med på å gjere nynorsken til ein viktig del av identiteten vår.

Vi vert gripne når vi høyrer «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», vi kryp inn i armkroken til kjærasten vår til lyden av «Vi vandrar saman», og vi skrålar med til «Kveldssong for deg og meg».

Plater, ikkje minst på vinyl, har vore eit av dei viktigaste media for å spreie denne songskattendei siste hundre åra. Lydbølgjene i rillene har gjort det mogleg for oss å høyre dei nynorske songane heime i stova vår, slik at musikken til små og store artistar kan nå ut til oss, same kvar i landet vi bur.

Målet med denne utstillinga er å syne fram nokre av dei som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.

Utstillinga er sett saman av to tittelbanner, 12 plansjar à 50 x 50 cm, ein utstillingskatalog, ein videoinstallasjon, og eit nettbrett med utvalde songar. Då utstillinga stod framme i Aasen-tunet, var utstillinga rikt supplert med vinylplater frå samlinga til Arild Torvund Olsen. 

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur. 

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

  • Dato: 24 jan 2019 - 13 jun 2019
  • Stad:Ivar Aasen-tunet
  • Kurator:Arild Torvund Olsen, Anders Aanes, Gaute Øvereng, Siri Beate Gjerde, Olav Øyehaug Opsvik
  • Samarbeidspartnarar:Arild Torvund Olsen (formgiving og tekst utstillingskatalog, fagleg mentor) Anders Aanes (videoproduksjon), Gaute Øvereng (formgiving)