Språk til sals! Ei utstilling om reklamespråket

Anten vi likar det eller ikkje, er reklamespråket på alle bauar og kantar i samfunnet vårt i dag. Utstillinga «Språk til sals» ser nærmare på dette fenomenet.

Du opnar ei avis om morgonen, ventar på bussen, sjekkar om det har skjedd noko i den store verda. Eller slår på fjernsynet på kvelden. Om noko er sikkert, så er det at du blir utsett for at nokon vil selje deg noko. Kjøp! kunne det like gjerne stått. Men reklamespråket er meir subtilt enn det, sjølv om det er nettopp dét reklameskaparane vil at du skal gjere.

Utstillinga Språk til sals! er sett saman av 16 plansjar og seks banner. Den autoritative røysta vil ein ikkje finne – i staden er den berande bjelken i formidlinga det råkande sitatet, som utstillingsgruppa i Ivar Aasen-tunet har grave seg fram til i mykje av det som er sagt om reklame og språk.

Til utstillinga blei det også laga ein video i samarbeid med Atle Remmereit. Lånar må då stille med videoframvisar sjølv.

Kurator:
Anders Aanes, Liv Astrid Langnes, Mona Iren Auganæs, Siri Beate Gjerde, Gaute Øvereng

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), vegghengt banner 80 x 200 cm (4 stk), tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk), 2 stk mindre banner til vegg og 4 stk mindre plater

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no