Språksamlaren Ivar Aasen 1813-1896

Mennesket

Kven var Ivar Aasen? Kvifor gjorde han det han gjorde? Og kva blei konsekvensane?

«Naar man tager Hensyn til alle Omstændigheder vedkommende Ivar Aasen, saa vil man vist finde, at han var en af vort Lands merkeligste Mænd, saa merkelig, at faa Lande, maaske intet andet land enn Norge, har havt en saadan Mand.», skreiv venen og teologen Johannes Belsheim om Ivar Aasen i 1901.

Sidan språkplanleggjaren, diktaren og mennesket Ivar Andreas Aasen døydde 23. september 1896, har det blitt skrive og sikkert sagt endå meir om denne mannen. Han var flogvitet som kom frå tronge kår, gjorde ei klassereise mot alle odds, og brukte livet sitt for at fedrelandet skulle få eit språk, står det ofte skrive. Men kva meir ligg der bak denne fasaden? Korleis var Aasen som person? Og korleis endra nynorsken Noreg?

I Noreg i dag kan vi bruke dialekten vår i mest alle samanhengar. Det er svært få land der ein kan stå på Stortinget og bruke dialekten sin utan at ein tenkjer noko vidare over det. Har vi gløymt at det var Ivar Aasen som omkalfatra heile dette rådande paradigmet i Noreg om korleis ein skulle tenkje om språk?

Temautstillinga Språksamlaren Ivar Aasen 1813-1896 nærmar seg desse spørsmåla. Ho blei laga til Språkåret 2013, då vi feira 200-årsjubileet til Aasen.

Det gjennomgåande grepet i utstillinga er at vi gir ordet til andre personar; det slåande sitatet er den berande bjelken. Samstundes har vi lagt inn interessante faktalinjer i botnen på kvar plansje.

Kurator:
Anders Aanes, Mona Iren Auganæs, Marita Bett Aakre, Gaute Øvereng

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (5 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no