Striper, ruter, bobler. Nynorske teikneseriar frå Smørbukk til Margarin

I utstillinga om teikneseriar legg vi vekt på både på dei nynorske seriane frå Smørbukk til Margarin, og serieteiknarar frå Jens R. Nilssen til Jens K. Styve.

Utstillinga blei opna på 60-årsdagen til den noverande Smørbukk-teiknaren, Håkon Aasnes, 13. februar 2003. Opninga var ved Gard Espeland, som mellom anna har omsett Hårek sidan 1973, og som har vore manusforfattar for Smørbukk.

I samband med utstillinga inviterte vi skuleelevar over heile landet til ein teikneseriekonkurranse. Vi fekk inn rundt 730 seriar, slik at heile Ivar Aasen-tunet ei tid var sterkt prega av teikneseriar.

Nest etter Japan er Noreg landet der det blir selt flest seriar per innbyggjar. Kvart år kjøper vi over 20 millionar hefte, og for mange blir den første lesegleda vekt i møtet med striper, ruter og bobler.

Teikneseriane blir lesne av folk i alle aldrar, og gutar er meir aktive lesarar enn jenter. Den eldste av dei nolevande teikneseriane er Knoll og Tott, to smågutar som ikkje har blitt ein dag eldre sidan 1897. Det fanst likevel eldre seriar, dei første blei skapt i Europa midt på 1800-talet.

Teikneseriane kan ha svært ulik form, og dei kan handle om kva som helst. Dei tidlegaste nynorske seriane henta oftast handlinga si frå bygdemiljø, og var seriar der det gjekk bra med dei flittige og arbeidssame. Eit anna kjennemerke ved desse seriane var at all teksten stod under biletet, slik at seriane blei ein mellomting mellom bøker og vanlege teikneseriar.

Utetter på 1900-talet endra seriane form og innhald. Seriane tok turen frå bygd til by, og serieskaparane er ikkje lenger så bundne av å ha seks like store teikningar på kvar side, og av å ha teksten under teikninga.

Nynorsksenteret har laga ei eiga ressursside om nynorske teikneseriar.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Marit Nergaard, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (13 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no