Utstillinga «Viljen til språk» med undertittelen «Mange røyster — felles mål» blei laga til Noregs Mållag sitt hundreårsjubileum i 2006.

Undertittelen er mottoet for mållagsjubileet, hovudtittelen er henta frå oversynsverket over nynorsk kulturhistorie som Ottar Grepstad gav ut i høve jubileumsåret. Utstillinga viser korleis nynorskbrukarane blei synlege og nynorsken blei teken i bruk i det hundreåret Noregs Mållag har vore i arbeid.

Utstillinga blei opna 29. januar 2006 i Aasen-tunet og 4. februar i Oslo, og er ei vandreutstilling som i 2006 blei vist i fleire kommunar i heile landet.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Svein Arne Myhren, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no